Hopp til innhold

Turistperle blir ikkje stengt i sommar

Tusenvis av turistar valfartar kvar sommar til badeparadiset Jettegrytene i Nissedal, men i år kunne ein hengelås ha sett ein stoppar for sommaridyllen

Jettegrytene blei kåra til årets badeplass i 1999

Jettegrytene i Nissedal er ein populær badeplass om sommaren. I videoen til Asbjørn Tveit kan du sjå innslaget i Norge Rundt i 1999.

Siste nytt: Badeparadiset Jettegrytene i Nissedal blir likevel ope for publikum i sommar. Det er klart etter at Nissedal kommune har blitt einige om ei avtale med grunneigarane langs Espestøylvegen. Det var svært viktig for Nissedal å få til ei avtale, seier ordførar Halvor Homme.

Jettegrytene har vore ein godt verna løyndom for dei fleste i mange år. Men etter ei heilsides reportasje i Aftenposten om dei flotte fjellformasjonane, endra dette ganske så drastisk.

Staden vart dessutan kåra til årets badestad 1999 av NRK Telemark, Vestfold og Buskerud.

Seinare har Jettegrytene blitt omtala i fleire medium, blant anna i VG.

– Det må for all del ikkje skje at Jettegrytene blir stengt for all framtid. Så vi må bli einige med grunneigarane, slik at vi kan tilby denne badeperla for årets sommargjester og dei som vil kome i framtida, seier Halvor Homme, ordførar i Nissedal.

Halvor Homme

Ordførar Halvor Homme i Nissedal fortel at kommunen jobbar med ei løysing for å kunne opne vegen til Jettegrytene for publikum igjen.

Foto: Lars Tore Endresen

Grunneigarane og kommunen er ueinige om kven som skal betale vedlikehaldet av vegen når opp mot 3000 bilar køyrer på dei smale vegane i sommarferien.

Ein av grunneigarane seier til NRK at tilbodet frå kommunen er uakseptabelt.

Må ha ny betalingsløysing

Homme fortel at grunneigarane ikkje er einige om kor mange år lånet skal betalast tilbake på, og kor mykje av bompengane som skal brukast til det.

– Burde ikkje kommunen løyve pengar til å sette i stand vegen?

– Vi har mange private vegar i kommunen, og kan ikkje gjere forskjell. Betalar vi for denne vegen, er det nok mange andre som vil krevje det same.

Homme fortel at det er eit stort behov å gjere vegen inn til Jettegrytene betre. Det har kommunen rekna ut at vil koste om lag ein million kroner.

– Det er også behov for å sette opp ei meir moderne betalingsløysing ved bommen. Då vil ein kunne sikre at fleire vil betale, fordi det er ikkje så vanleg å ha med seg kontantar lenger.

Juli i jettegrytene i Nissedal

Det kan vere eit yrande badeliv i Jettegrytene på varme sommardagar. Her kan store og små kose seg og bade i vatnet.

Foto: Therese Knutsen / @theresebrevik

Ønskje å løyse saka

Avtalen som grunneigarane har sagt nei til inneber at kommunen tar opp eit lån som grunneigarane kan disponere. Men vil kommunen også ha desse pengane tilbake over tid av bompengeinntektene.

– Det må vi sjå om kan løyse på ein eller annan måte. For vi ønskjer at denne naturperla skal vere tilgjengeleg i 2018 og åra framover.

Jettegrytene i Nissedal stengt

Dette skiltet møter turistar som vil besøke Jettegrytene i Nissedal.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Det er mange tusen badegjester som besøker Jettegrytene i Nissedal, som er eit naturleg badeland.

– Det er ein av dei viktigaste attraksjonane vi har i Nissedal. Det vil vere eit stort sakn for dei som besøker kommunen når dei ikkje får reise til Jettegrytene for å bade, seier Homme.

Tysdag var det eit nytt møte mellom kommunen og grunneigarane om vedlikehaldet av vegen inn til Jettegrytene.

– Eg har fått tilbakemelding om at det har vore ein god dialog, og at det er ein vilje for å kome fram til ei løysing før fellesferien startar, seier ordførar Halvor Homme.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark