NRK Meny

Stenger lensmannskontor i ferien

Fleire lensmannskontor i Telemark vil bli sommar-stengt i periodar når politiet avviklar ferien. Nome, Kviteseid og Tokke er blant kontora som vil bli heilt eller delvis stengt, mens kontoret i Bamble i år vil bli halde ope. Politimeister i Telemark, Rita Kilvær, seier utrykningar og etterforsking blir prioritert framfor publikumsservice.