Nokre av verdas beste klimaforskarar skal no finne ut korleis den aukande turismen og klimaet påverkar dei unike kulturskattane.
Stavkyrkjene i Heddal i Telemark og Ringebu i Oppland er med i det internasjonale forskingsprosjektet, som kostar rundt 40 millionar kroner.
– Me kjenner oss kjempeheldige som er utvalde til å vere med i eit så eksklusivt prosjekt, seier kyrkjeverje i Heddal stavkyrkje, Håvard J. Russnes.
Han trur ikkje kyrkja kjem til å bli stengt som soknekyrkje og turistmål. Men det kan bli aktuelt å gjera tiltak når konklusjonane ligg på bordet i 2021.
Unik kulturskatt
Ingen andre stader i verda er det bevart så mange stavbygg i tre frå mellomalderen som i Noreg.
Urnes stavkyrkje er på UNESCOS verdsarvliste. Dei 27 andre stavkyrkjene er også freda. Kyrkjene er av stor arkitekturhistorisk interesse.
Men turistbesøk på mellom 40 og 50 000 i sesongen er utfordrande for bygga og dekoren.
Klimaendringar er også ei stor utfordring.
Nokre av verdas beste klimaforskarar leitar etter svar
Det er tidlegare gjort fleire undersøkingar av korleis klimaet verkar inn på kyrkjene.
Men denne gonga tek ein i bruk avanserte måleinstrument og metodar, og nokre av verdas beste klimaforskarar er i sving for å finne svar på gåtene.
Målingane skal finne svar på korleis temperatur og fukt fører til sprekkdanningar, slik at ein kan førebyggje det. I tillegg blir det gjort laboratorieforsøk på Getty-instituttet i USA for å sjå korleis klimaendringar verkar inn på dekoren i stavkyrkjene.
– Viktig for meir enn kyrkjene
Kyrkjeverje Håvard Russnes er spent på konklusjonane som kjem når prosjektet blir avslutta i 2021. Han ynskjer at kyrkja framleis skal ha opne dører.
– Målet er at folk framleis skal få bruke stavkyrkja vår, og at turistane skal koma hit og sjå noko av det ypparste me har. Men me må skaffe oss kunnskap nok til å ta vare på kulturskatten også for framtidige generasjonar, seier Russnes.
Konklusjonane frå prosjektet vil ikkje berre vere viktige for stavkyrkjene, men også for andre kulturminne, understrekar Nina Kjølsen Jernøy, konservator ved Norsk institutt for kulturminneforsking.
– Dette har stor overføringsverdi både nasjonalt og internasjonalt, seier Jernøy.