NRK Meny
Normal

Startar arbeidet med bypakka med ein gong

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen seier arbeidet med bypakka held fram utan Bamble.

Terje Riis-Johansen

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Kommunestyret i Bamble sa torsdag kveld nei til Bypakke Grenland med stort fleirtal. Bystyret i Skien har sagt ja til bypakkka, og det same gjorde kommunestyret i Siljan.

Bystyret i Porsgrunn har tidlegare sagt ja til bypakka.

Fylkestinget har også sagt ja til Bypakke Grenland. Fylkesordførar Terje Riis-Johansen er ikkje overraska over at det blei nei i Bamble.

Vi har tatt høgde for dette, seier Riis-Johansen i Telemarksendinga.

Bjørg Hilde Herfindal

Bjørg Hilde Herfindal.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Han seier at arbeidet med Bypakke Grenland går vidare.

Dei tiltaka som var planlagt i Bamble vil bli tatt ut av planen, seier Riis-Johansen.

Startar med ein gong

Arbeidet med Bypakke Grenland vil no bli konsentrert rundt forbetringar med vegar, gang- og sykkelstiar, trafikktryggleik og miljøtiltak i Skien, Porsgrunn og Siljan.

Samferdselsjef i fylkeskommunen Bjørg Hilde Herfindal seier til Porsgrunns Dagblad at arbeidet med å planlegge gjennomføringa av Bypakke Grenland startar med ein gong.

Ho trur arbeidet i Lillelvkrysset i Porsgrunn og ved Skyggestein i Skien startar samtidig.

Målet er å sette spaden i jorda ved årskiftet 2014-2015.

  • Etterlyser bil etter innbrudd

    Politiet ønsker tips om en Toyota Hiace som ble observert ved en adresse i Grobstokk i Bamble i formiddag. En safe skal være stjålet. Ring til 02800 dersom du kan ha informasjon om denne saken.

  • E134 over Haukelifjell er open

    E134 på strekninga mellom Vågslidtunnelen og Liamyrane på Haukelifjell er open for trafikk etter uvêr.

  • Innbrot i hytte i Tinn

    Det har vore innbrot og tjuveri i ei hytte i Blefjell hyttegrend i Tinn. Det er stole diverse verktøy. Innbrotet har skjedd i løpet av den siste veka, ifølgje politiet.

  • Flere flytter til Bø

    Bø er den kommunen i Telemark som har størst befolkningsvekst. Det viser tall fra Statistisk sentralbyrå for tredje kvartal. Bø har en befolkningsvekst på nesten fire prosent, dette er langt over landsgjennomsnittet.