Stansa for fjerde gong av politiet

Ein mann i 30-åra blei stansa av ei politipatrulje ved sjukehuset i Porsgrunn natt til fredag. Han blir meldt for å ha køyrt bil utan gyldig førarkort. Bilen blei også beslaglagt, då det var fjerde gongen han blei stansa med same bil på under to månader for å køyre i rusa tilstand og utan gyldig førarkort.