Hopp til innhold

Sjukehus sponsar røykestopp

Den første januar 2012 blir det slutt med røyking på Sjukehuset Telemark. Frå den datoen får dei tilsette forbod mot å røyke på arbeidsplassen.

Turid Rund, Fagforbundet

Sjukehuset Telemark sponsar alle tilsette som vil slutte å røyke med tusen kroner. Turid Rund viser noe av det dei kan få kjøpe på apoteket.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Pasientar klagar på røyklukt. Motivasjonen er at sjuke skal sleppe pleiarar som luktar røyk. I tillegg er røykeslutt ein helsegevinst for den enkelte, seier Turid Rund i Fagforbundet.

Det er arbeidsmiljøutvalet som har innført forbodet. Men for å gjere det lettare sponsar sjukehuset med røykesluttpakker for dei som vil slutte. Sjukehusforetaket har om lag 4500 tilsette rundt om i fylket, og vil bruke 200.000 kroner på tiltaket.

Kva meiner du om røykestopp på sjukehusa. Si di meining i botn av saka.

Drops og plaster

For ein tusenlapp kan dei tilsette velje mellom nikotindrops, plaster og tyggis.

– Det er mange som alt har vært på apoteket for å hente saker frå hylla. Det er jo ikkje meininga at folk skal slutte heilt å røyke, men i alle fall slutte å røyke i arbeidstida, seier tillitsvald i Fagforbundet Turid Rund.

Ho fortel at ein av grunnane til røykekampanjen er at sjukehuset har fått klager frå pasientar som opplever det ubehagleg med røyklukt frå kleda til tilsette som behandlar dei på sjukehuset.

Må vi, så må vi

Utafor sjukehuset ved eit kummerleg lite bord med nokre plaststolar sit to av røykarane. Inger Corbett er ein av dei som skal slutte å røyke.

– Må vi slutte, så må vi slutte. Det er bare sånn. Vi visste at forbodet kom så dette har vi venta på lenge.

Corbett er ein av dei som skal gjere bruk av tilbodet frå sjukehuset.

– Eg må jo prøve. Og eg trur det blir lettare når vi er så mange som skal slutte. Då blir det liksom ein kjedereaksjon her.

Artikkelen fortset under biletet.

Inger Corbett og Anne Eliassen

Inger Corbett og Anne Eliassen vil vere med på stump røyken kampanjen ved Sjukehuset Telemark.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Ingen peikefinger

Ansvarleg for røykekampanjen ved sjukehuset, Jørn Ertsås, seier at i tillegg til å kjøpe røykesluttmedikament på apoteket, så skal dei tilsette bli motivert på andre måtar.

– Det er viktig at det ikkje blir ein høgt heva peikefinger. Vi er imponert over alle som klarar å slutte å røyke. Dette er eit vedtak arbeidsmiljøutvalet har tvilt seg fram til over fleire år.

Målsettinga er at Sjukehuset Telemark skal bli eitt av fleire røykefrie sjukehus i landet.