NRK Meny

Sperrar kontoen til skiensmann

Oslo tingrett har gjeve PST forlenga rett til å sperre alle bankkonti som tilhøyrer IS-medlemet Bastian Alexis Vasgues frå Skien. Det melder nettstaden Hvitvaksing.no. Den 24 år gamle skiensmannen er født i Norge med chilensk bakgrunn. Han har konvertert til islam, og har tidlegare vore aktiv i den omstridde norske islamistgruppa Profetens Ummah.