NRK Meny
Normal

Sparetiltaka gjeld til nyttår

Sparetiltaka ved Sjukehuset Telemark skal gje betre tilbod til pasientane, samtidig som sjukehuset sparer pengar.

Bess Frøyshov
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Sjukehusdirektør Bess Frøyshov seier at vedtaket om å stoppe alle kurs gjeld ut dette året.

– Målet er å kunne auke aktiviteten ved sjukehuset og spare pengar ved å redusere reiseaktivitetane, seier Frøyshov.

Vil ha høgare aktivitet

Yngre legar ved sjukehuset har slått alarm og meiner pasientar vil møte mindre kompetente legar når dei erfarne legane forsvinn til andre jobbar.

Kursa som er obligatoriske for legar i spesialisering held likevel fram.

– Dei kursa seier vi ja til, seier Frøyshov.

Men andre kurs har sjukehuset sagt nei til fram til jul for å sørge for at økonomien skal bli betre.

– Det gjer vi blant anna for å få høgare aktivitet, slik at pasientane får det tilbodet dei skal ha, seier Frøyshov.

Ikkje i strid med avtaler

Bess Frøyshov

Sjukehusdirektør Bess Frøyshov.

Foto: Lars Hansen / NRK

– Det blir reist spørsmål om at dette kan vere i strid med avtaleverket. Kva seier du om det?

– Slik eg ser det, er det ikkje det, seier Frøyshov.

Sjukehusdirektøren grunngjev det med at talet på kurs blir redusert i ein kortare periode fram til nyttår.

Mens dei obligatoriske kursa for legar i spesialisering går som planlagt.

– Men ikkje kurs utover dette, Men dei obligatoriske kursa blir tekne vare på, seier Frøyshov.

Håpar det ikkje er negativt

– Kva kan desse innsparingstiltaka ha å seie for rekruttering av legar?

– Eg håpar det ikkje vil verke negativt inn på rekrutteringa av legar, sjølv om ein kan tenke seg at dette sender ut eit negativt signal, seier Frøyshov.

Sjukehusdirektøren understrekar at dette er eit kortvarig tiltak for å få økonomien i balanse, og sørge for høg nok aktivitet til at pasientane får det tilbodet dei skal ha.

– Betyr dette at det blir opna for kursaktivitet igjen over nyttår med nytt budsjettår?

– Ja. Det gjer det.