NRK Meny
Normal

Spådomsnuten kan rase ut i Flatsjø

Noregs geologiske undersøking skal undersøke faren for ras frå Spådomsnuten ved Flatsjø i Flatdal.

Fjellet Spådomsnuten i Seljord

GAMMAL SPÅDOM: Eit gamalt segn fortel at fjellpartiet ein gong skal rase ut i Flatsjø og lage ei flodbølgje.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Spådomsnuten kan man og sjå frå E134 mellom Seljord og Flatdal sentrum. Om lag 8 km frå Seljord sentrum. Spådomskløvet har vorte større dei siste åra, meiner mange.

Reginald Hermanns

Reginald Hermanns er leiar for rasgruppa i NGU.

Foto: NGU

– Vi vil starte med målingar for å sjå om det er endringar i fjellet, seier Reginald Hermans.

Han er leiar for rasgruppa hos Norges Geologiske undersøkingar. Geologane skal gjere sine undersøkingar i tida 19.–23. juni for å kartleggje området.

Er kjent på folkemunne

Sjølv om ikkje NGU trur Spådomsnuten vil rase med det første, så har området vore kjent lenge på folkemunne i Seljord.

Spådomsnuten er ei stor steinblokk som står på skrå høgt oppe i fjellsida i Skorve. Etter gamal folketru skal Spådomsnuten i Flatsjø rase ned og sette heile Flatdal under vatn.

Vatnet skal stå så høgt at folk kan binde prammane sine i dørklinka på Aasegardane som ligg høgt oppe i nordenden av dalen. Aasegardane ligg om lag hundre meter høgare enn Flatsjø.

Spådomsnuten og Flatdalsbygda

Her ser du fjellformasjonen i Skorve, slik den ser ut frå E134 i Flatdal.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Kan gjere stor skade

Spørsmålet NGU nå stiller seg er kor stor faren er for at Spådomsnuten i Seljord vil rase ut. Fjellpartiet blir rekna som potensielt ustabilt for å kunne falle ned i Flatsjø.

– Det er fylkesgeolog Sven Dahlgren som har funne ein opning i fjellet på ei side. Han har spurt oss i NGU om å gjere ei vurdering av kor ustabilt fjellet er.

– Viss fjellblokka fell ut, kan den treffe innsjøen og flodbølgja kan gjere skade, seier Hermans.

Spådomsnuten i Seljord

Det er spådd at fjellblokka som har fått namnet Spådomsnuten skal rase ut i Flatsjø.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Spådomskvinna Sibylla

At Spådomsnuten har vore segnomspunnen i Seljord vitne spåkvinna Sibylla sin spådom om.

Spåkvinna har spådd om Spådomsnuten, eller spådomsklaven som han og blir kalla, at han skal rase ut i Flatsjø når tre kvinner frå Flatdal har stått brud på same dag.

Eit anna merke er når det glimar som ein by mellom Vallaråi og Skjervåi, då er det tid for at Spådomsnuten rasar ut.

Det meiner somme at dei ser sterke tendensar til ved Dyrsku tider.

Mogleg fjellet kan flytte på seg

Sjølv om segnene er mange om Spådomsnuten er mange, kan Hermans frå NGU ro ned alle med at fjellet ikkje sleppe taket med det første.

– Nei. Ikkje i dag. Men det kan vere mogleg at fjellpartiet vil flytte på seg. Og viss det er tilfelle, så er det viktig at vi undersøker fjellet nærare, seier Hermans.