Hopp til innhold

Sp i kamp om utjamningsmandat

Senterpartiet slit med å få fram det gode bodskapen om alle politiske sigrar i den raud grøne regjeringa.

Utspørring av Senterpartiets Beate Marie Dahl Eide

Beate Marie Dahl Eide i partiutspørring

Senterpartiet er som KrF og Venstre kjent som motkulturparti og sentrumsparti i norsk politikk.

Senterpartiet skil seg frå dei andre to med søke makt der den er å hente. Difor samarbeider Sp like gjerne med venstresida som med høgresida.

Dette har opp gjennom historia gitt Senterpartiet mange maktposisjonar, og er derfor også kalla for ordførarpartiet.

Les også:

Raud grøn slitasje

Når har Sp bak seg åtte år i den raud grøne regjeringa, ein nyskaping som blei etablert i 2005.

Det er ingen tvil om at Senterpartiet har vore med og prega den raudgrøne styringa av landet, ikkje minst gjennom samferdsel- og kommunaldepartementet.

Men så langt har ikkje veljarane vist å sette pris på dette. Senterpartiet og dei to andre partia i regjeringa syner tydelege teikn på regjeringsslitasje, og oppslutninga på meiningsmålingane er stadig under nivået både i 2009 og 2005, og farleg nær sperregrensa å 4 prosent.

Nei til EU

Det er tjue år sia Senterpartiet var på topp i oppslutning. På nei til EU bølgja i 1993 feide Terje Riis Johansen inn på Stortinget med 16 prosent av stemmene. Sp var det nest største partiet i Telemark.

Sp i Telemark har altså ikkje hatt representant på Stortinget sidan 1993–97.

Ny toppkandidat til Stortinget i år er Beate Marie Dahl Eide. Seljording, opprinneleg frå Sunnmøre. Ei ung kvinne som alt har rukke å vere fylkesvaraordførar i Sør Trøndelag, før ho gjorde telemarking av seg for seks år sidan.

Beate Marie Dahl Eide er ein skarp debattant som driv ein offensiv valkamp. Ho er den einaste kvinnelege toppkandidaten ved Stortignsvalget i Telemark i år.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark