NRK Meny
Normal

Sp får ordføraren i Drangedal

Senterpartiet er det klart største partiet i Drangedal etter valet med sju mandat i kommunestyret. Tor Peder Lohne kan bli ny ordførar.

Tor Peder Lohne og Trygve Slagsvold Vedum

Tor Peder Lohne og partileiar Trygve Slagsvold Vedum

Foto: Senterpartiet

Vallogo

Senterpartiet fekk 31 prosent av stemmene, ein framgang på 19 prosentpoeng frå sist kommuneval. Arbeidarpartiet blei nest størst med om lag 30 prosent av stemmene.

Dei fem borgarlege partia i Drangedal har inngått avtale før valet om at det største partiet får ordføraren, og det nest største ordføraren.

Senterpartiet får ordføraren

Tor Peder Lohne, Senterpartiet Drangedal

Tor Peder Lohne frå Senterpartiet.

Det betyr at Tor Peder Lohne frå Senterpartiet blir ordførar, og Arnt Olav Brøsjø frå Venstre blir varaordførar med 11.6 prosent av stemmene.

– Eg er veldig klar for å overta som ordførar i Drangedal. Det her var eit veldig bra valresultat. Vi har hatt ei god kjensle heile tida, men at det skulle bli så bra hadde vi ikkje venta, seier Lohne.

Han trur folk i Drangedal har likt politikken til Senterpartiet.

Vil behalde Drangedal og skape arbeidsplassar

– Og så har vi eit arbeidslag som er klare for å gjere ein god jobb for kommunen, og det trur eg folk har lagt merke til, seier Lohne.

Han ser fram til å leie eit kollegium av politikarar og få kommunestyret til å jobbe saman til det beste for Drangedal.

– Vi vil jobbe for å behalde Drangedal som ein eigen kommune, og skape nye arbeidsplassar i kommunen. Det er dei to tinga vi vil satse mest på i starten, seier Lohne.

  • Fossli støttar forhandlingar

    Leiar av Telemark Venstre, Torgeir Fossli, meiner det er riktig av Venstre å gå i regjeringsforhandlingar med Høgre og Frp. I helga vart det klart at Venstre vil gå i forhandlingar, og mange i partiet er skeptiske.

    Torgeir Fossli
    Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK
  • Kontroll på brannen i Kragerø

    Politi og brannvesen har kontroll på staden. Ein person blir sjekka for røyk. Årsaka til brannen er foreløpig ukjend.

  • Nedbør i vente

    Det blir nedbør i Sør-Noreg denne veka.

    Laster Twitter-innhold