Ottar Flatland, styremedlem i Tine Meierier Sør overrekte sølvtaina til og Helga Marie Dybedal.
Helga Marie Dybedal er bonde og mjølkeprodusent i Hjartdal. Ho har ein mjølkekvote på 40.000 liter, og dette tilsvarar ein buskap på om lag 7-8 kyr i tillegg til kalvar og ungdyr.
Helga er interessert i ulike kurasar og har både Telemarksfe, Trønderfe, Jersey og NRF (Norsk Rødt Fe) på båsen.
- Dyreomsorg, dyrestell og nøyaktighet på alle punkt kjenneteiknar Helga, seier Olav Håland, informasjonssjef TINE Meieriet Sør.
TINE opererer med begrepet elitemjølk. For at mjølka skal bli klassifisert som elitemjølk må ho tilfredstille visse kriterie. Dette går på bakterieinnhald, celletal (eit mål for jurhelsa), lukt, smak og andre ting.
Elitemjølk i 15 år
Helga Marie Dybedal fikk ei sølvtine fra Tine Meierier Sør.
- Sjølvsagt må mjølka vera fri for medisinrestar, og dette vert analysert for kvar henting. For at vi skal kunne levere gode produkt til forbrukarane er det eit vilkår at råstoffet er bra. Det er difor TINE vektlegg dette med
kvalitet, seier Håland.
TINE har ulike ordningar med premiering til bønder som leverer ekstra god mjølk gjennom eit visst tidsrom og har eit særs godt dyrestell.
- Vi har plakettar på 5 og 10 år. Båe desse plakettane har Helga fått tidlegare. Men aller høgast heng sølvtina, seier Håland.
Denne oppnår ein ved å ha levert elitemjølk heile året i samanhengande 15 år !
Mjølka feilfritt kvar gong
- Vi kan ta eit reknedøme. Kyrne blir mjølka to gonger til dagen, ca. 300 dagar i året. Det betyr at Helga har gått i fjøset og mjølka 9000 gonger og ca. 72000 mjølkingar av enkeltkyr på desse 15 åra. Og kvar gong har ho gjort dette feilfritt. Det er ein utruleg prestasjon, seier Håland.
Det er berre Helga som får denne prisen i år i området til TINE Meieriet Sør som omfattar Telemark, Agderfylka og Rogaland. I dette området er det 3545 mjølkeprodusentar. Prisen blir på langt nær delt ut kvart år.
Det som kjenneteiknar bønder som får slike prisar er stor nøyaktig på alle punkt i drifta. I tillegg må dei ha ein ekstra omsorg og hjarte for dyra og kan følgje med på korleis det enkelte dyr har det kvar dag.