Hopp til innhold

Smørbukkteiknaren er død

Teikneserieteiknaren Solveig Muren Sanden, Vrådal, døydde 22. november, 95 år gamal - same veka som dei nye julehefta vart lansert.

Solveig Muren Sanden

Smørbukkteiknaren Solveig Muren Sanden sommaren 2013 med ei dokke ho laga sjølv. Solveig ønskte seg sterkt ei dokke som jentunge.

Foto: Kari Thingelstad

Tidelegare redaktør av Norsk Barneblad, Olav Norheim, seier at ho rakk å sjå sine eigne hefte for i år: Tuss og Troll, og Smørbukk, begge med 50 år gamle Solveig-repriser frå 1963 som ein del av hefta.

Olav Norheim har også skrive Solveig-biografien, boka Smørbukk 70 år.

– Ho har forma oppfatninga av eventyra for mange generasjonar barn, seier Norheim.

Var knytt til Norsk Barneblad

I desse dagar er det 56 år sia det første Tuss og Troll-heftet med hennar strek kom ut.

– Det var i 1957, seier Norheim.

I 1959 tok ho over teikneserien Smørbukk i Norsk Barneblad, året etter i Smørbukk-juleheftet. Siste nyteikna Tuss og Troll-striper frå hennar hand kom i 2008.

– Då var ho 90 år.

Louis Moe og Henrik Sørensen var inspiratorar for den unge lovande Solveig Muren frå Vrådal. Målarinna kom til å teikne mest i det vesle formatet - med bladillustrasjonar, bokomslag og teikneseriar for barn i bygd og by.

– I meir enn 50 år var ho tilknytt Norsk Barneblad, seier Norheim.

(Artikkelen fortset under biletet)

Solveig Muren Sanden

Solveig Muren Sanden fotografert i atelieret sitt i Vrådal i 2008.

Foto: Olav Norheim

Populær i USA

Ho og redaktør Johannes Farestveit var dei første som fekk Kulturdepartementets teikneseriepris. Ho var æresmedlem i Smørbukks Vener, ho har fått kulturprisen i Kviteseid og Kongens sølv.

Siste åra har Solveig Muren Sanden vorte populær i USA. Så langt har to bøker har kome ut med Tuss og Troll-seriar av henne og dagens teiknar Håkon Aasnes på forlaget "Astrid mi Astrid" i USA.

– Smørbukk-stripene hennar har også gått i barneblada på Island og Færøyane, seier Norheim.

I målarklubben i Vrådal, i Kviteseid kommune og i Norsk Tegneseriesamling på Maihaugen har dei tatt vare på mykje av kunsten hennar.

Solveig Muren Sanden og Olav Norheim

Olav Norheim beslkte Solveig Muren Sanden i Vrådal i juli 2013.

Foto: Kari Thingelstad