NRK Meny
Normal

Solspegelen på Rjukan i eit spesielt selskap

Solspegelen har hamna på ei internasjonal liste over stader du ikkje trudde eksisterte.

Solspeilet på Rjukan med Gaustatoppen

INTERNASJONAL LISTE: Solspegelen på Rjukan blir lagt merke til ute i verda.

Foto: Bjarte Fredheim

Det menneskeskapte lyspunktet i Tinn har fått plass på ei liste over 19 stader i verda du kanskje ikkje visste om, men som du burde få med deg.

Skøyteis på Rjukan torg med solspeilet

SKØYTEIS: På Rjukan torg med solspegelen i bakgrunnen i november.

Foto: Trond Stegarud

Solspegelen står på denne lista saman med sjølvlysande markar i ei grotte på New Zealand, vulkanske varme kjelder i Etiopia og ein saltsjø som aldri frys i Antarktis.

– Det er alltid morosamt å lese om Rjukan og solspegelen i internasjonale medium, seier Hege Næss i VisitRjukan.

Solspegelen sende sine første solstrålar ned på torget på Rjukan i 2013. Og det dukkar stadig opp folk som har høyrt om solspegelen, eller internasjonale medium som kjem med førespurnader om reportasjar.

– Interessa er stor, og det er gøy, seier Næss.

Les også: Solskinn og moro på Solfesten

Har betalt seg mange gonger

Hege S. Næss, VisitRjukan

GØY: Hege Næss er glad for interessa for solspegelen.

Foto: VisitRjukan

For ikkje lenge sidan gjekk det ein dokumentarfilm på NRK om solspegelen. Visit Rjukan opplever at merksemda i medium har ført til fleire besøkande i sommar.

– Ikkje berre på grunn av solspegelen, men det er ein av faktorane. Dei fleste har høyrt om solspegelen og vil sjå kor det er.

– Er det mogleg å måle attraksjonsverdien for solspegelen?

– Ja. Det er blitt sett ein kroneverdi på kva alle medieoppslaga er verdt, og det er snakk om mange millionar kroner. Så dei fem millionar kronene det kosta å få det installert har nok betalt seg mange gonger, seier Næss.

Solspeil på Rjukan

PÅ TORGET: Folk sette opp solsenger på torget for å sole seg då solspegelen blei avduka i 2013.

Foto: NRK
  • Håper på ny barnehage i 2019

    Porsgrunn kommune håper å kunne åpne nye Frednes barnehage høsten 2019, skriver Varden. Barnehagen brant ned i mai 2016. Foreløpig er den nye kommunale barnehagen kun på skissestadiet.

  • Håper togene går torsdag

    NSB måtte i ettermiddag kansellere tre avganger på Vestfoldbanen i rushtiden. Grunnen var at togsett hadde blitt stående i Skien på grunn av signalfeil. Målet er at alt skal gå som normalt i kveld og i morgen tidlig.

  • To nye bud på het Pors-spiss

    Både Odd og Fredrikstad har kommet med nytt bud på Pors-spiss Tobias Lauritsen, melder TA. – I utgangspunktet er vi fornøyde med begge budene, sier Erik Skredtveit i Pors til avisen.

  • Møter UDI i retten om Bolkesjø

    Eierene av Bolkesjø Hotel i Telemark og UDI møtes i retten i februar, skriver Varden. Årsaken er uenigheter etter at UDI vraket Bolkesjø som asylmottak, og sa opp avtalen som blei inngått i 2015. Saken skal gå i Oslo tingrett.