NRK Meny

Søker ikkje direktørstilling

Anne Aasheim frå Porsgrunn kjem ikkje til å søke om å få fornye åremålsstillinga som direktør for Kulturrådet på grunn av ein alvorleg sjukdom, opplyser Kulturrådet. Kulturdepartementet opplyser at direktørstillinga blir lyst ut i år. Tidlegare direktør ved Telemark Museum, Vibeke Mohr, er konstituert i stillinga sidan september i fjor.