Hopp til innhold

Fann sakna 17-åring i god behald etter ni timar

Politiet, Raude Kross og Norske redningshundar vart sett inn i søket da ein 17 år gammal gut frå Belgia vart meldt sakna. Guten vart funne i god behald, sett bor ifrå ein skade i foten.

Kullane

Politiet fekk melding om den sakna guten klokka 13.00 torsdag. Da hadde allereie guten vore sakna i to timar, og reisefølgje hans hadde sjølv leita etter han.

– Guten kom bort frå turfølgje sitt rundt Kullane. Han er kledd i ein genser og shorts, sa operasjonsleiar i Søraust politidistrikt Aadne Røilid.

17-åringen var ein del belgisk gutegjeng som var på tur i fjellet ved Arabygdi.

– Han gjekk bakarst i rekka, og da dei kom til Kullane merka dei at han var vekk, seier Røilid.

Det vart sett inn store mannskap i leiteaksjonen. Politiet var sjølv ute med helikopter og det vart i tillegg sett inn eit Sea King-helikopter. Det var sistnemnde som fann guten oppe i fjellet.

Raude kross deltok også i aksjonen med 15 mannskap. Sivilforsvaret og Norske redningshundar var også på staden.

Guten var sakna i over ni timar. Klokka 20:30 melde politiet om at guten er funne i god behald.