NRK Meny
Normal

Hardt skadd i snøskuterulykke

Ein mann i 20-åra er hardt skadd i ei snøskuterulykke i Tokke langfredag kveld.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet fekk melding via AMK-sentralen i 19-tida fredag kveld om at det hadde skjedd ei ulykke med snøskuter i Froland i Tokke kommune.

– Politiet rykka ut saman med helsepersonell til Botnedalen, seier operasjonsleiar Ole Jørgen Lund.

Vil avhøyre vitne

Ole Jørgen Lund

Operasjonsleiar Ole Jørgen Lund.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det var ein mann i 20-åra frå Vest-Telemark som blei skadd i ulykka. Han blei henta av ambulanse og frakta vidare til luftambulansen til sjukehus.

– Det vi veit om skadeomfanget så langt, er at mannen skal ha fått kompliserte skader i ryggen, seier Lund.

Politiet vil førebels ikkje fortelje så mykje om korleis ulykka skjedde.

– Det vil den vidare etterforskinga og vitneavhøyr kunne fortelje meir om, seier Lund.