NRK Meny

Snøskuterløype i Rauland

Ein grunneigar i Vinje vil lage ein snøskuterbane der folk kan køyre mot betaling. Ein nærare tre kilometer lang og tjue meter bred trasé er planlagt ved Torvetjønn, i nærleiken av Vierli. Vinje kommune er i utgangspunktet positiv til planane, mens Rauland hyttevelforening er negativ til all aktivitet som fører til meir støy og eksos.