Hopp til innhold

Her er Snøhettas første ferdighytte

NISSEDAL (NRK): Det kjente arkitektkontoret Snøhetta meiner dei har teikna ei moderne familiehytte for folk som er glade i naturen.

Gapahuk hytte i Svivkollen hyttefelt i Nissedal

HYTTEDRAUMEN: Det er mange som drøymer om ei hytte med utsikt til eit vatn. Her veks lyngen heilt inn til hytteveggen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Du ser at det er arkitektar som har kosa seg og teikna noko du ikkje har sett før når du kjem hit. Både når det gjeld materialval og måten det er løyst på. Her har du eit overbygt inngangsparti der dei har bruka nokre nye epoxy betongplater, kombinert med treverk.

Jan Aarak, Svivkollen hyttefelt i Nissedal

Jan Aarak tilbyr hytter teikna av Snøhetta i Svivkollen hyttefelt.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Jan Aarak i Svivkollen hyttefelt fortel at dei ville utvikle eit hyttefelt med moderne hytter som er tilpassa terrenget saman med Snøhetta, Dronninga landskap og Planhuset.

– For vi veit at både i Nissedal og elles i landet er det mange byggeklare hyttetomter.

Dette er den første familiehytta av typen Gapahuk, som Snøhetta har teikna for Rindalshytter, som er klar til innflytting.

Gapahuk hytte i Svivkollen hyttefelt i Nissedal

Lyngen er ført tilbake til hytteveggen etter at Gapahuk-hytta er sett opp, slik at mest mogleg av naturen rundt hytta er tatt vare på.

Foto: Ragnar Lurås / NRK
Den første Gapahuk-hytta teikna av Snøhetta og produsert av Rindalshytter er sett opp i Svivkollen hyttefelt i Nissedal.

For folk som er glad i naturen

Anne Cecilie Haug, Snøhetta

Seniorarkitekt Anne Cecilie Haug i Snøhetta.

Foto: Nicolai Ramm Østgaard

Anne Cecilie Haug i Snøhetta har vore med på å utvikle hyttetypen for Rindalshytter. Ho trur hytta vil appellere til ein aktiv familie.

– Eg trur hytta vil appellere til folk som er glad i å vere ute i naturen, vere saman og ete god mat. Menneske som kjøper hytte fordi dei har lyst til å kome nærare naturen enn dei er heime.

Mariann Sæthre, Snøhetta

Seniorarkitekt Marianne Sæthre i Snøhetta.

Foto: Snøhetta

Det er Snøhetta saman med Dronninga landskap som har planlagt Svivkollen hyttefelt i Nissedal. Marianne Sæthre trur idealet om å kome nærare naturen er på veg tilbake.

– Vi trur publikum er interessert i moderne hytter som er skånsame mot naturen. Den beste løysinga for ei hytte må vere på ei naturtomt, der du er meir i pakt med naturen.

Hyttefelt med moderne hytter

Interiør i Gapahuk hytte

Interiørbilde frå Gapahuk-hytta.

Foto: Lars Fløde

Det er lokale snikkarar i WP Eiendomsutvikling, med Carl Winter Larsen og Geir Pettersbakken, som har sett opp hytta på staden.

– Her kjem du inn i eit lyst, flott inngangsparti med brei panel og listverk. Det er gjort veldig flott snikkararbeid her. Eg trur ikkje du har sett maken i dei fleste andre hytter. Berre stig på.

Jan Aarak meiner nærleiken til Nisser, den nest største innsjøen i Telemark, betyr at folk kan få seg ei sommarhytte her. Samstundes ligg Svivkollen nær fjellet med snø og vinteraktivitetar, der du kan gå rett ut i skiløypa.

Gode norske byggetradisjonar

Per Inge Hyldbakk

Dagleg leiar i Rindalshytter, Per Inge Hyldbakk.

Foto: privat / Rindalshytter

Dagleg leiar i Rindalshytter, Per Ivar Hyldbakk, fortel at dei tok kontakt med Snøhetta for å kome eit steg vidare med å utvikle moderne hytter tufta på gode norske byggetradisjonar, og som skal passe inn i terrenget.

– Vi har utvikla ein hyttetype med Snøhetta, og det vil kome meir etter kvart.

I Svivkollen i Nissedal meiner han det er ei tilnærming der natur og hyttebygg spelar på lag.

– Det synest eg er ein attraktiv tanke, som eg håpar fleire vil ta i bruk.