Hopp til innhold

Små kommunar samarbeider på nye måtar

FYRESDAL (NRK): Fyresdal, Nissedal og Kviteseid ser på om det er mogleg for eit heilt nytt interkommunalt samarbeid.

Tarjei Gjelstad, Erik Skjervagen og Halvor Homme

VIL SAMARBEIDE: Kviteseid, Fyresdal og Nissedal har funne nye område dei vil samarbeide på i eit nytt interkommunalt samarbeid.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ordførar i Nissedal, Halvor Homme, ordførar i Fyresdal Erik Skjervagen og ordførar i Kviteseid Tarjei Gjelstad har kome fram til ei forhandlingsløysing.

– Det er tenkt organisert slik at Nissedal får planavdelinga, det har dei i dag saman med Kviteseid. Fyresdal skal ha ansvar for økonomi, lønn, skatt og rekneskap. Kviteseid får ansvar for landbruk, seier ordførar Tarjei Gjelstad.

– Eg synest det er bra at vi kan utvide det gode samarbeidet vi har hatt med Kviteseid i ti år. Og då meiner eg det er naturleg å samarbeide med Fyresdal for Nissedal og Kviteseid. Fyresdal har mykje kunnskap på ulike felt som vi kan dra nytte av, seier ordførar i Nissedal, Halvor Homme.

Slår ikkje saman kommunane

Samarbeidet mellom dei tre kommunane betyr også samlokalisering av dei ulike einingane. Og det betyr arbeidsplassar.

– Det skaper reaksjonar frå dei som eventuelt på jobbe ein annan stad enn dei gjer i dag. Dei vil sannsynlegvis ikkje vere nøgde med det, seier ordførar i Fyresdal Erik Skjervagen.

– Er ikkje dette langt på veg å slå saman desse tre kommunane?

– Nei. Det er det ikkje. Vi har ei løysing der vi skal samarbeide på tre fagfelt. Vi skal ha ein modell der vertskommunen tar ansvar for arbeidstakarane i eininga. Men det er langt fram til ei kommunesamanslåing, seier Gjelstad.

Tarjei Gjelstad, Erik Skjervagen og Halvor Homme

Tarjei Gjelstad, Erik Skjervagen og Halvor Homme meiner dei tre kommunane kan dra nytte av kunnskap hos kvarandre.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ønskjer gode fagmiljø

Halvor Homme seier hovudmotivasjonen ikkje er å spare pengar.

– Vi ønskjer å få til gode fagmiljø, for å samle gode krefter og vere godt rusta for framtida. Økonomiske gevinstar blir det nok også på sikt.

Erik Skjervagen veit enno ikkje om det er semje innanfor Arbeidarpartiet i Fyresdal for den løysinga som ordførarane er komne fram til.

– Vi har ikkje drøfta det enno. Men vi har vore einige om at vi skal sjå på om det er mogleg med kommunesamarbeid, når det ikkje blei samanslåing av kommunar. Og det er det vi nå har gjort.

Det låg føre konsulentrapportar for fem område, som er gjennomgått veldig grundig på førehand.

Vil møte framtida betre

Tarjei Gjelstad seier dei forsøker å vere framsynte med det forslaget dei tre kommunane har kome fram til.

– Kommuneøkonomien er under press, og dei får stadig fleire område å ta seg av. Eg vi kan møte framtida på ein betre måte. Særleg viktig trur eg det blir for dei som skal jobbe innanfor desse fagfelta vi samlar.

Halvor Homme framhevar at Nissedal har lang erfaring med slikt samarbeid med Kviteseid.

– Eg oppfattar det slik at kommunestyrerepresentantar og dei fleste innbyggarane synest det har vore ei god løysing.

Forhandlingsløysinga skal opp i dei tre kommunestyra i september.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark