NRK Meny
Normal

– Tradisjonsmat passar ikkje for ein høgskole

Høgskolen i Telemark vil legge ned det einaste studiet i Tradisjonsmat her i landet. Meiner at studiet ikkje passer inn i eit framtidig universitet.

Bodil Nordjore

Bodil Nordjore underviser i Tradisjonsmat ved Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland. Etter 14 år kan studiet bli lagt ned, fordi det ikkje passar inn i eit universitet eller høgskole.

Foto: Ida Kjøstelsen / NRK

Leiinga ved Høgskolen i Telemark vil legge ned studiet i Tradisjonsmat ved høgskolen si avdeling i Rauland.

Studiet blei etablert med støtte frå Innovasjon Norge i 2001.

Les også:

Høyrer ikkje heime på høgskole

Rektor ved Høgskolen i Telemark, Kristian Bogen seier at dei kvart år vurderer kva for studieretningar dei skal ha ved høgskolen. Og at det vil vere studium som blir lagt ned, og nye studium som blir etablert.

Kristian Bogen

Kristian Bogen, rektor ved Høgskolen i Telemark.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

– Det er faglege vurderingar, men også økonomiske og administrative vurderingar som ligg bak forslaget, seier Bogen.

Han seier at studiet i Tradisjonsmat ikkje passar inn i høgskolen eller fakultetet sin kjernestrategi. Det er eit kurs eller enkeltstudie på 30 studiepoeng som ikkje har ein plass i eit større studium.

– Så det er på mange måtar eit frittståande studieprogram, seier Bogen.

Han meiner tradisjonsmatstudiet ikkje har den nødvendige akademiske tyngda og faglege krava som eit kvart studium skal ha.

– Tradisjonsmat går heller ikkje inn i eit 3-årig Bachelorgrad. Det er ikkje noko påbygging eller samanheng med andre kurs eller studietilbod som vi tilbyr, seier Bogen.

Han meiner studiet i Tradisjonsmat ikkje høyrer heime i ein høgskole eller eit Universitet.

Einaste studie i tradisjonsmat

Ellen Nordstoga frå i Vinje er ein av dei som har engasjert seg i saka mot å legge ned studiet.

– Dette studiet har halde på i 14 år og har hatt fulle klasser heile tida. På den måten har det vore ein suksess, seier Nordstoga.

Ho meiner studiet i Tradisjonsmat har betydd mykje for utviklinga av småskalamat i denne perioden.

Ordfører i Vinje, Arne Vinje

Ordførar Arne Vinje.

Foto: Vinje kommune

– Småskalamat har ei rivande utvikling og opplever suksess no, og ein god del av dette kan ein tilskrive studiet på Rauland, seier Nordstoga.

Og Nordstoga viser til at mange småskalaprodusentar har gått eit år på dette studiet og fått inspirasjon, undervisning og eit nettverk som dei kan bygge vidare på.

– Det verkar veldig rart å skulle legge ned det einaste tradisjonsmatstudiet i landet i desse tider som folk er så opptekne av utdanning i tradisjonar innan kunst, mat og handverk, seier Nordstoga.

Har ikkje blitt tatt med på råd

Ordførar Arne Vinje vil gjerne ha saka utsett på styremøte ved Høgskolen i Telemark. Han seier Vinje kommunen ikkje vil blande seg inn i den administrative eller faglege delen av høgskolen.

– Men dette kurset hadde eit næringspolitisk føremål då det blei etablert, og det føremålet er framleis like viktig. Og som kommune er vi opptekne av høgskolen framleis skal ha ei slik rolle som den har hatt, seier Vinje.

Han seier at kommunen eig det anlegget som høgskolen held til i, og ei nedlegging vil verke inn på drifta av Raulandsakademiet AS med ein gong.

– Vi har ikkje vore ein del av denne prosessen, og har ikkje blitt informert eller tatt med på råd eller fått vere høyringsinstans. Og vi har eit behov for å kome i kontakt med høgskolen for å drøfte dei konsekvensane som ei avvikling kan kome til å få. Også med tanke på Rauland som studiestad innanfor høgskolesystemet, seier Vinje.

Bogen seier det blir opp til styret å vurdere om dei vil utsette saka, og drøfte den med Vinje kommune.