NRK Meny
Normal

Trim bort julefett med aking

Solfrid Bratland Sanda meiner du aldri blir for gamal til å ake. Ho er førsteamanuensis på Institutt for idretts- og friluftsfag i Bø og kjem her med tips til korleis du skal halde deg i aktivitet i romjula

Aking på Lifjell, Telemark

Du får både puls om mykje moro i akebakken. I tillegg er det god trim.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Helsedirektoratet meiner vi minst bør vere fysisk aktivitet i 150 minutt i veka, eller vel 20 minutt om dagen.

– Kroppen gjer ikkje forskjell på om det er helg, kvardag eller ferie. Så det er viktig at vi kjem oss i aktivitet kvar dag, seier Solfrid Bratland Sanda.

Kom deg ut

I dag har ho tatt med seg ungane på aking på Lifjell for at familien skal kome seg ut.

Solfrid Bratland Sanda

Solfrid Bratland Sanda meiner det er viktig å kome seg ut av sofaen i romjula.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

– Ofte er det tungt å kome seg opp av sofaen. Mange tenker at det er greitt å slappe litt av når det er ferie. Men då er det kanskje ekstra viktig fordi då har vi tid til å ut å bevege oss, seier ho.

I solskinnet på Lifjell boltrar Solfrid og ungane seg i akebakken. Rundt dei utnyttar fleire finvêret til å gå ein tur, Solveig Tveit har kome seg ut av hytta for å få litt trim.

– Eg prøvar å gå ein tur, det syns eg er veldig viktig. Det er lett å få dårleg samvit om ein ikkje trimmar nok, seier ho.

Nyttårsforsett varer ikkje alltid

For dei som vil på treningssenter, er det fint å starte i romjula. Da er det stille og du får forsprang på dei som skal starte til nyttår.

– Me veit at nyttårsforsett har ein tendens til å vare 3–4 veker ut i det nye året. Så er me tilbake i gamle mønstre.

Åtferdsendringa som er varig er ikkje så enkelt, seier Solfrid Bratland Sanda som her har nokre tips til korleis til å kome i aktivitet.

Det viktigaste er å gjere det enkelt og noko du likar.

  • Aking med familien. Det er alltid moro, og ein blir aldri for gamal til det.
  • Gå på ski om det er skiføre
  • Er det ikkje sno, så gå tur på beina.
  • Gå på skøyter
  • Ta med joggesko og gå heim frå fest.

Er det skikkeleg ruskevêr, så kan ein finne på mykje inne:

  • Styrketrening på golvet
  • Lag hinderløype rund salongbordet med ungane
  • Sett på musikk og dans.
  • Gå rundt juletreet
  • Sett på alarmen og bytt plass i sofaen etter 20 minutt

– Det viktigaste er å bryte opp stillesitjande tid, seier Solfrid Bratland Sanda.