Hopp til innhold

Slik gjer du sykkelen din klar for ny sesong

Har sykkelen din blaute dekk og rustent kjede etter ein lang vinter? Det er ikkje så mykje som skal til for at doningen skal verte klar for ein ny sommarsesong.

Sykkel til vår

NY VÅR: Eitt par enkle grep gjer dei fleste syklar klare for ein ny sesong.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Folk flest kan for eksempel ikkje noko så enkelt som å lappe eit sykkeldekk lenger. For 30 år sidan kunne alle det, seier Michel Fouler.

Men det er jo litt vanskeleg å lappe sykkeldekk?

– Nei da, det handlar berre om at folk ikkje held det varmt, seier Fouler.

Han og ein kollega har i dag i samarbeid med Bypakke Grenland teke turen til Sjukehuset Telemark for å klargjere syklane til dei tilsette for våren. No står det 40 syklar og ventar på dei to karane.

Rekk de å få desse ferdig før arbeidsdagen er omme?

– Null problem, smiler Fouler.

Les også: Få maks ut av sykkeltreninga

Michel Fouler

ELSKAR SYKLAR: Michel Fouler driv prosjektet «Alle barn syklar» i Telemark fylkeskommune. Han har drive med sykkel i fleire år og har lært seg nokre triks på vegen.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Skifte dekk

Fleire av syklane som står på parkeringsplassen i Skien denne ettermiddagen er utstyrt med piggdekk. No når snøen er borte må desse av.

– Trur du folk kvir seg for å skifte dekk?

– Kanskje litt, men det er ikkje så vanskeleg, seier Fouler.

Slik gjer du:

Riktig gir

HØGSTE GIR: Om kjede ligg på den minste ringen vert det enkelt å ta av bakhjulet.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Skru hjulet av sykkelen – Skru hjulet av og fjern det frå gaffelen. Tek du av bakhjulet er det viktig å syte for at sykkelen står på det høgste giret bak. Da ligg kjede på den minste ringen og kjede vert da enkelt å hekte av.

sykkelfelg

RUSK: Sjekk at det ikkje ligg rusk i felgen. Dette kan lage hull i slangen seinare.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Tapp ut lufta – Få deretter ut all lufta av slangen før du prøvar å ta av dekket. Fouler brukar ein dekkspak til å løyse dekket frå felgen. Han anbefaler alle å bruke eit slikt verktøy til både montering og demontering.

sykkelslange

STAPPE: Hald dekket rundt hjulet, mens du stappar inn slangen.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Sjekk felgen – Det kan legge seg lort og rusk i felgen mens ein skiftar dekk. Fjernar ein ikkje dette kan det lett gå hull på slangen når ein byrjar å sykle. Sjekk også innsida til dei nye dekka for rusk før du monterer.

Set saman – Så er det tid for å montere delane på plass igjen. Hald dekket på plass rundt felgen, mens du stappar slangen inn under dekket rundt heile hjulet. Så set du dekket på plass, så er det berre å pumpe inn luft.

Nok smørjing

Etter at sykkelhjula med sommardekk er på plass er det no tid for å smørje sykkelen. For etter ein lang vinter har fleire delar godt av litt feitt.

Det er lurt å smørje rikeleg på, seier Fouler mens han spruter smørjemiddel på sykkelkjeda.

Kva delar av sykkelen bør ein smørje?

– Alt som sviv rundt, seier Fouler.

Gjer ein desse enkle tinga er dei fleste syklar klare for ein ny vår. I tillegg kan det vere lurt å skifte slitne deler, som for eksempel bremser.

Fleire tips finn du her.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark