Hopp til innhold

Opnar heimen til forfattarparet

VINJE (NRK): For fyrste gong kan du vere med inn i heimen til Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.

Olav Vesaas og Guri Vesaas

OPNAR FOR PUBLIKUM: Olav og Guri Vesaas opnar barndomsheimen for publikum. Her sit dei på arbeidsrommet til mor si, Halldis Moren Vesaas.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

Det er borna til eit av dei mest kjende forfattarektepara i Noreg som no opnar barndomsheimen i Vinje for publikum.

Huset ligg på garden Midtbø, nokre kilometer vest for Åmot. Tarjei Vesaas kjøpte garden i 1930, og det er heilt naturleg for borna Guri og Olav å invitere folk på besøk.

Midtbø, garden til Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas

Garden Midtbø kjøpte Tarjei Vesaas i 1930. I 1934 flytta han og kona Halldis Moren Vesaas inn.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

– Det har ofte vore mykje folk i dette huset. Foreldra våre hadde mykje besøk, og for oss er huset fullt av levande minne, seier Guri Vesaas.

– Me vil gjerne dele desse minna med andre, og dei som ynskjer det eit lite innblikk i menneska bak forfattarskapa, supplerer Olav Vesaas.

Gleder seg til å få besøk

Dei gleder seg begge to til å få besøk, men er også litt spente før dørene opnar på søndag.

Skrivepulten til Tarjei Vesaas

Slik ser arbeidsrommet til Tarjei Vesaas ut.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

– Eg er spent på om det kjem nokon, og om eg klarar å få fram det eg vil fortelje. Det er litt nytt dette her, smiler Guri.

Olav er og spent, men gler seg til å få huset fullt av folk.

– Folk er trivelege, så det trur eg skal gå bra. Også håpar eg at me får mange gode samtaler med dei som kjem, seier han.

Bevart det gamle

Dei som stikk innom får eit godt inntrykk av korleis ekteparet Vesaas budde. Det er lite som er forandra, og det har vore viktig å bevare det gamle.

Stugo på Midtbø

Friske fargar i storstugo på Midtbø. Her kan folk komme på besøk frå 26. juni til 7. august i sommar.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

– Me har slitt ut nokre stolar gjennom åra, men ser ein bort frå det er alt som det var, seier Guri.

– Det var Tarjei som måla stova grøn. Han var glad i sterke fargar, og då han tok til å måle huset sende han trefliser med målingsprøver på til Halldis, som då jobba i Sveits. Slik fekk ho ta del i fargevalet, smiler Olav.

Ordlista til Tarjei Vesaas

Sjølv store forfattarar treng ordliste. Tarjei Vesaas noterte på omslaget.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

Gjester på soverommet

Soverommet i andre etasje er knall gult, med oransje karmar, og oransje senger. Innanfor soverommet ligg arbeidsrommet til Tarjei Vesaas. Eit lite rom med to skrivebord, bøker på hyller langs veggane og Vesaas sine eigne bøker på fleire framande språk på bordet.

Soverom Vesaas

Gjester må gå gjennom soverommet, for å koma til arbeidsrommet til Tarjei Vesaas.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

– Her ser du blant andre romanen "Fuglane" på hindi. Den er omsett til meir enn 30 språk, og kjem snart på arabisk og, seier Guri.

Under eit svart plasttrekk står også skrivemaskina han bruka for å skrive manus til bøkane sine.

bøker av Tarjei Vesaas

Tarjei Vesaas sine bøker er omsett til fleire språk.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

– Eg hugsar eg la meg til å sove om kveldane, og høyrde han jobba på skrivemaskina. Han bruka berre to fingrar om gongen til å skrive med, av og til tre, seier Olav.


– Ingen bruk av Touch-metoden altså?


– Nei, han kladda fyrst med blyant, så med penn, før han til slutt skreiv manuset på maskina, avsluttar Olav.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark