NRK Meny
Normal

Slepp fengsel for likskjending av mora

Den 33 år gamle kvinna som var sikta for likskjending av si eiga mor som blei funnen drepen i eit hundebur i Skienselva slepp å sone i fengsel.

Skienselva der Kari Grønnestad ble funnet

Kari Grønnestad blei funnen død i eit hundebur i Skienselva ved Langbryggene i Skien. No er dottera domfelt for likskjending.

Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRK

Fredag morgon blei dommen i Nedre Telemark forkynt for kvinna. Kvinna var først sikta for drap, og har vore 172 dagar i varetektsfengsel. No er kvinna dømt for likskjending.

Det er TA som først skreiv om dommen.

Dommarfullmektig Vegard Rosenvinge Lauvdahl og meddommarane Oda Charlotte Hestvik Larsen og Lars Høgli Skau har dømt den 33 år gamle kvinna til åtte månader i fengsel, der to månader er gjort vilkårsbunde med to års prøvetid.

Må halde seg på rett side

Den delen av den dommen som er på seks månader utan vilkår blir sett på som sona i den tida kvinna sat i varetekt.

Kvinna var først sikta for drap, men det blei seinare lagt vekk. Kvinna blei deretter tiltalt for likskjending, som ho har tilstått i retten.

Politiadvokat Kjell Ove Ljosok

Politiadvokat Kjell Ove Ljosok.

Foto: Roald Marker / NRK

Den ferske dommen betyr at kvinna slepp å sone meir i fengsel, så lenge ho held seg på rett side av lova dei neste to åra.

Dommen vil ikkje bli anka

Aktor Kjell Ove Ljosok seier til NRK at straffeutmålinga er vanskeleg i slike saker.

– Eg konstaterer at dommen er nokså lik påstanden, men eit lite hakk strengare.

Ellen Holager Andenæs

Advokat Ellen Holager Andenæs

Foto: Sjur Øverås Knudsen / NRK

Utover det vil ikkje Ljosok kommentere dommen. I retten kravde han fengsel i seks månader utan vilkår.

Kvinna sin forsvarar Ellen Holager Andenæs skriv i ei tekstmelding til NRK at ho tar dommen til kunnskap, og at den ikkje vil bli anka. Utover det har ho ingen kommentar.

Pakka inn i to dyner

I rettssaka i Nedre Telemark tingrett kom det fram ifølgje tiltalen at Kari Grønnestad (56) skal ha døydd i dottera sitt husvære måndag 4. juni 2012.

Saman med sin dåverande sambuar, skal dottera ifølgje tiltalen ha pakka mora inn i to dyner, ein søppelsekk, ein teltduk og to kamuflasjenett. Deretter skal dei ha plassert 56-åringen i eit hundebur og bore det opp i 2. etasje.

Seinare skal dei ha køyrt hundeburet ned til Langbryggene i Skien, fylt det opp med vekter og dumpa det i vatnet.