NRK Meny

Slepebåt inn i brygga

Slepebåten "Diavlos Pride" har køyrt inn i brygga til skipsverftet på Trosvik i Brevik. Politiet melder at det ikkje skal vere personskadar. Båt har fått forbod mot å segle. Politiet har oppretta sak, og Kystverket og Sjøfartsdirektoratet er varsla. Det var eit mannskap på 14 mann frå Filippinane om bord i båten då den kolliderte med brygga.

Slepebåten "Diavlos Pride" har køyrt inn i brygga til skipsverftet på Trosvik i Brevik.