Skyttelbuss frå Tuddal til Stavsro

Det blir etter alt å døme ei skyttelbussrute mellom Tuddal sentrum og Rjukan for å avhjelpe parkeringsproblema ved Stavsro ved Gaustatoppen. Leiar i Tuddal Utvikling, Audun Darrud, håpar bussruta også fører til næringsutvikling i Tuddal. Hjartdal kommunestyre løyvd 760.000 kroner til prosjektet. Tinn og Telemark fylkeskommune behandlar saka seinare, skriv Rjukan Arbeiderblad.