Hopp til innhold

Skulle skytast og dumpast i vatnet

SKIEN (NRK): Ein mann vart innelåst og utsett for grov vald på grunn av eit oppgjer i rusmiljøet i Skien. Mannen skal mellom anna ha måtta velja ut kva patron han helst ville bli drepen av.

Advokatar i Nedre Telemark tingrett

I RETTEN: Bistandsadvokat Chamkor Singh Nagra, aktor Bjørn Bunkholt Sæter, bistandsadvokat Jannike Kotai og aktor Kjetil Langbach.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

I dag starta rettssaka der tre personar er tiltalte for grov kroppskrenking, trugslar og innesperring i eit bustadhus i Porsgrunn.

Ifølgje den fornærma skal saka dreie seg om pengar, der om lag 15.000 kroner hadde kome på avvege.

Trua med lightergass

Den fornærma skal ifølgje tiltalen ha blitt slått og sparka, fått sett ei sprøyte med ukjent innhald i armen og blitt trua med å få øyret avklipt. Dei tiltalte skal òg ha tent på lightergass i nærleiken av ansiktet hans, sett tuten på eit brannsløkkingsapparat mot munnen hans og trua med å trykke på.

Han skal også ha blitt spurt om kva patron han helst ville bli skoten med, og han skal ha blitt ført med til ei brygge der føtene vart bunde fast, og han vart trua med å bli skoten og dumpa i vatnet.

Rusbruken eskalerte

Bistandsadvokat Chamkor Singh Nagra, som seier at klienten hans har hatt psykiske problem i ettertid, og har grudd seg til å delta i rettssalen i dag. Han forklarte òg sjølv for retten at han var nærmast rusfri då denne episoden fann stad, men at rusbruken har eskalert i etterkant for å handtere trauma.

Anne Marstrander-Berg

FORSVARAR: Forsvarsadvokat Anne Marstrander-Berg

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Forsvarsadvokat Anne Marstrander-Berg seier at hennar klient ikkje erkjenner å ha medverka til valden.

– Vi har gjort rede for at han har erkjent å ha vore til stades i huset der valden skjedde. Han har kjennskap til noko av det, men ikkje på ein slik måte som fører han inn i medverkaransvar, seier ho.

Endra forklaring

Eitt av vitna i saka, som òg er rekna som fornærma, endra forklaring i dag. I avhøyr med politiet går det fram at ho vart skamklipt, sparka med eit kne i ansiktet fleire gonger og trua med å bli drepen.

I retten i dag sa ho at ho laug og fantaserte i avhøyr med politiet fordi ho var rusa. Ho hugsar lite av det som skjedde den dagen valden fann stad, og ynskte ikkje å svara på spørsmåla om kva som eigentleg skjedde.

Ifølgje aktor Kjetil Langbach gjer dette saka meir komplisert.

– Vi får sjå kva som skjer i dei dagane som kjem, og korleis vi skal vurdere denne forklaringa, seier han.