Den 22. april skal kommunestyret i Tokke avgjere om skulane i Lårdal, Byrte og Åmdals Verk heilt eller delvis skal leggast ned..
Reaksjonane er sterke, og rektor Kristina Rønning seier at det skarpe ordskiftet påverkar kvardagen ved Lårdal skule.
– Elevane er glade i skulen sin, og mange er utrygge på kva som vil skje dersom skulen flytter til Høydalsmo. Oppgåva mi som rektor er å fortelje at det går bra, utan omsyn til kva kommunestyret vedtek, seier Kristine Rønning.
Helsar til kommunen
Mens rektor er nøytral, kan elevane fritt sende meldingar til ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap) og den politiske leiinga på kommunehuset. På veggen mellom klasseromma heng eit tjuetals hjarta i papir. Tekstane handlar om kjærleik til bygda og til skulen, og om eit varmt ynskje om å få halde fram med dei lærarane som er i Lårdal.
– For oss er det viktig å fortelje at fleire lærarar vil flytte med til Høydalsmo, dersom Lårdal skule blir lagt ned, seier rektor.
Les også:
Vil boikotte kommunen
Sjølv om det formelle vedtaket ikkje blir gjort før i april, reknar folk i Lårdal skulesaka som tapt. I eit siste forsøk på å snu det som ser ut til å vere eit sikkert fleirtal av Arbeidarpartiet og Høgre sine representantar i kommunestyret, varslar Lårdal Vel boikott av det offentlege og private tenestetilbodet på Dalen.
– For folk i Lårdal er det naturleg å orientere seg mot kommunesentera i nabokommunane Seljord og Vinje, seier Joachim Skogsrød i foreldreutvalet ved Lårdal skule.
– Difor oppmodar me folk til å seie opp avtalen med fastlegen på Dalen, og kjøpe offentlege og private tenester i nabokommunane.
Samstundes som foreldra arbeider for at skulen skal overleve, har foreldra starta arbeidet med å etablere ein Montessori-skule.
– Dersom Lårdal skule blir nedlagt vil me ha eit godt grunnlag for ein slik skule, seier Skogsrød.
Les også:
Ordføraren manglar 20 millionar
Tokke Arbeiderparti gjorde det skarpt ved førre kommuneval, og fekk 10 av 21 plassar i kommunestyret. Ei forklaring på det gode resultatet kan vere at partiet i førre periode foreslo å legge ned skular for å spare pengar.
Ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap) seier at ho forstår reaksjonane på nedleggingsframlegget.
– Men kommunen må redusere utgiftene med 20 millionar kroner i året. Då er det uråd å ha fem skular i ein kommune med 240 elevar i grunnskulen, seier Vågslid.
Ordføraren er oppgjeven over oppmodinga frå Lårdal Vel og frå foreldrerådet om å boikotte offentlege og private tenester i kommunesenteret.
– I ein liten kommune som vår er det viktig å stå saman, seier Hilde Alice Vågslid.