NRK Meny
Normal

Usikkert for skuleframtida i Kviteseid

Det er skolestrukturen i framtida som står i fokus hos det nye kommunestyre i kommunen.

Brunkeberg oppvekstsenter

Barnehagen ved Brunkeberg oppvekstsenter i Kviteseid.

Foto: Kviteseid kommune

Det kan bli slutt på ringing i skuleklokkene og leiken i skulegarden på grendeskulane Straumsnes og Brunkeberg i Kviteseid kommune. På grunn av kommunens stramme økonomi er grendeskulane i fare for å bli lagt ned.

Kviteseid kommune kan spare 3,8 millionar på å legge ned dei to grendeskulane Straumsnes og Brunkeberg.

Vil ha barnehage og småskule

Tarjei Gjelstad

Tarjei Gjelstad, ordførar i Kviteseid.

Foto: Privat

Den nye ordføraren i kommunen, Tarjei Gjelstad har alt fått store saker i fanget.

– Statsbudsjettet var skuffande for Kviteseid kommune. Vi må spare, og Kviteseid brukar meir pengar på skule enn andre kommunar vi kan samanlikne oss med, seier Gjelstad.

Barnetalet i kommunen vil gå ned med om lag 50 barn fram til 2020. Rapporten "det gode læringsmiljø – skule og barnehage mot 2020" legg fram fire alternativ for framtida.

– Det er uheldig for bygdene om skulen blir lagt. Eg ønskjer minimum barnehage og 1.- 4. klasse på Straumsnes og Brunkeberg. Då har vi i alle fall tilbod til dei minste, seier Gjelstad.

Tragedie om skulen blir lagt ned

Anne Birgit Sollid, Kviteseid senterparti

Anne Birgit Sollid, Sp.

Foto: Senterpartiet

Rektor på Straumsnes skule, Birger Skipar, meiner ei nedlegging av skulen vil ha store konsekvensar i Vrådal.

– Det vil vere ei tragedie for bygdesamfunnet. Kviteseid har som hovudmål å auke folketalet, og det gjer ein ikkje med å legge ned skular, seier Skipar.

Leiar i Senterpartiet Kviteseid, Anne Birgit Sollid, trur også at nyetableringar blir vanskeleg om skulen blir lagt ned, men løysinga er ikkje lett å finne.

– Då ein jo finne pengar andre stader. Og det er like sårbart om vi må skjere ned på omsorgssektoren. Så dette er ikkje lett, seier Sollid.

Skulesaka i Kviteseid skal opp i kommunestyret 17. desember.