Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- International School får ikkje statsstøtte reporter Christina Førli Aas
- Kommune: Porsgrunn
Søknaden om statstilskot til undervisningsdirektoratet blei aldri behandla, og dermed fekk skulen heller ingen pengar.
Styreleiar Øyvind Solbakken synest det er merkeleg at søknaden ikkje blei behandla.
- Vi søkte første skuleåret i forhold til dei retningslinene som vi kjente til, seier Solbakken.
Men departementet sa at dei ikkje rakk å behandle søknaden på grunn av mange søknader dette skuleåret.
Fekk statstøtte i Trondheim
Dermed gjekk skulen glipp av om lag 3 millionar kroner til drifta av skulen førre skuleår, og blei nøydt til å ta opp eit lån i banken.
Men så fekk Trondheim International school statstøtte, enda dei hadde søkt ein måned etter skulen i Porsgrunn.
Den internasjonale skulen i Telemark meinte at dei blei utsett for forskjellsbehandling, og bestemte seg for å anke saka til undervisningsdepartementet.
Ikkje nøgd med behandlinga
Men svaret frå departementet blei også nei.
Men sjølv om næringslivet i Grenland betalar for banklånet, er ikkje Solbakken særleg nøgd med behandlinga av direktorat og departement.
Ingen i verken undervisningsdirektoratet eller undervisningsdepartementet var tilgjengeleg til å kommentere denne saka i går.