NRK Meny
Normal

Skuffa over heimstaten

Da Donald Trump vart kåra til sigerherre i det amerikanske presidentvalet i dag, var det mange veljarar som stod skuffa igjen. Florida var ein av dei store vippestatane under årets val, og staten spelte til slutt ei avgjerande rolle.

Florida

VART RAUD: Etter ei lang og jamn oppteljing av stemmer gjekk til slutt valmennene i Florida til Donald Trump.

Hadde Clinton vunne i Florida så hadde nok valet tippa andre vegen. Eg er skuffa over min eigen stat i dag, seier Tiffany Trautman.

Trautman er frå Florida, men er no busett i Porsgrunn. Ho legg ikkje skul på at det var Hillary Clinton ho ønska seg som president. Trautman har følgt valet tett, og ho følte det var ekstra viktig å stemme i år.

Sjølv om ho er skuffa over eigen heimstat i dag, er ho likevel ikkje overraska.

– Florida har jo ein lang tradisjon for å stikke kjeppar i hjula for demokratane, men dette tykkjer eg er flaut, seier Trautman.

Usikker framtid

Trautman har budd i Noreg i ni år, men ho har planer om å ein dag flytte tilbake til statane. Ho trur ikkje at ho reiser tilbake så lenge Trump er president.

Tiffany Trautman

FLAUT: Tiffany Trautman er skuffa over at heimstaten hennar Florida gjekk for Trump.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

– Eg er spent på korleis den framtidige jobbmarknaden blir der. Samtidig lurar eg på kva som vil skje med bustadprisane, seier Trautman.

Ho er også spent på kva Trump kjem til å gjere når han tek over presidentskapen.

Han har jo sagt at han skal skape endringar, men han har jo prata lite om kva han konkret ønsker å gjere, legg ho til.

Anna syn

Det at fleirtalet i USA stemte på Donald Trump kan Trautman forstå, sidan eit val av Clinton mest sannsynleg ville blitt fire nye år utan store endringar. Trautman trur at ho, og andre amerikanarar som er busett i Europa, ser annleis på det.

– Sidan me ser dette frå utsida, har nok ikkje me det same sinne som mange amerikanarar har. Dessutan er eg påverka av norsk politikk som er litt meir venstrevridd, seier Trautman.

  • Kolonnekjøring over Haukelifjell

    Det er innført kolonnekjøring på E134 over Haukelifjell som følge av uvær, melder Vegtrafikksentralen.

  • Som lyn fra klar himmel

    Tinn kommune fikk beskjed fra UDI om at asylmottaket på Mandheimen skal legges ned bare 15 minutter før neste års budsjett skulle behandles. Det forteller ordfører Bjørn Sverre Birkeland. Nedleggelsen får store konsekvenser for kommuneøkonomien og budsjettmøtet ble utsatt i en uke.

    Bjørn Sverre Birkeland
    Foto: Roald Marker / NRK
  • Trailere står fast

    Flere trailere står på tvers i vegbanen på E134 mellom Åmot og Høydalsmo. Det er ikke meldt om personskade, men det skal være svært glatt på stedet, melder politiet.

  • Enig om revisor

    Telemark kommunerevisjon blir revisor for den nye regionen når Telemark og Vestfold blir slått sammen. Det ble bestemt på et felles fylkestingsmøte i Tønsberg i dag.