Hopp til innhold

Skikøyrar møter i Høgsterett–Ida blei skadd for livet

I dag skal Høgsterett for fyrste gong ta stilling til om ein skikøyrar kan haldast ansvarleg for å ha forårsaka ei alvorleg ulykke i alpinbakken.

Ida (10) like før ulykka

ELSKA SKIKØYRING: Ida har stått på ski sidan ho var to år. Her er ho fotografert i skiløypa på Gautefall før ulykka i februar 2017.

Foto: Privat

Danske Ida var berre ti år da ho deltok på skiskule i alpinbakken på Gautefall i Drangedal, og ein 17-åring køyrde inn i ho med full kraft.

– Vi håpar og ber om rettferd også i Høgsterett, slik at det blir ein fellande dom. Vi meiner det er viktig for Noreg som ein skidestinasjon for familiar, og for rettskjensla. Det er mange menneske som følgjer saka også i Danmark.

Det seier Nina, mor til no 12 år gamle Ida. Familien er i Oslo i dag for å følge saka i Høgsterett. NRK omtalte saka fyrste gong i desember.

Ida (10)

Ida (10) fekk store skader og eit lengre opphald på sjukehus etter skiulykka.

Foto: Privat

Har ikkje blitt behandla før

Forsvarar Svein Kjetil Stallemo, vil i retten stå fast på at den nå 19 år gamle mannen ikkje bør straffast for ulykka. Han trur utfallet i Høgsterett vil vere interessant for alle som ferdast i alpinbakkar.

Eit sentralt punkt i forsvaret er kva krav ein bør stille til forsvarleg slalåmkøyring i eit alpinanlegg.

– Det har ikkje Høgsterett behandla tidlegare. Og etter det blir det å vurdere om 19-åringen si framferd er innanfor eller i strid med eit slikt krav til forsvarleg framferd, seier Stallemo.

Dømt to gonger

I både tingretten og lagmannsretten blei den nå 19 år gamle mannen frå Kristiansand dømt for aktlaus køyring den skjebnesvangre februardagen i 2017.

Begge stader blei han dømt med knappast mogleg fleirtal blant dommarane, og han anka saka til Høgsterett.

I lagmannsretten var domen 18 dagars fengsel på vilkår og 75.000 kroner i erstatning til jenta.

Mannen uttalte i retten at han framleis køyrer på same måte som før, og at han ikkje kunne kome på noko han kunne gjort annleis.

Svein Kjetil Stallemo

Forvarar Svein Kjetil Stallemo meiner det er sjanse for at Høgsterett vil støtte mindretalet i lagmannsretten sitt syn.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Merka for livet

Ulykka skjedde då Ida var på veg forsiktig nedover i bakken under eit heng, og ifølgje vitne blei treft 30 meter under henget. Legeerklæringa seier at samanstøyten ville ha tatt livet av Ida dersom 17-åringen hadde treft ho ein annan stad enn i foten for to år sidan.

Den no 12 år gamle jenta lever i dag med store skadar i høgrebeinet. Ho må framleis gjennom fleire operasjonar fordi lårbeinet har grodd feil på grunn av skader i brotet.

Mora seier at dottera er merka psykisk av det ho nå må gå gjennom.

– Det kan ikkje beskrivast med ord, kor vondt det gjer å sjå dotter si gå gjennom så mykje smerter i ein så ung alder.

Mora til Ida seier NRK at det hadde betydd mykje om 19-åringen som køyrde på ho i alpinbakken hadde orsaka seg og vist interesse for korleis det går med Ida.

Ida (10) skiulykke på Gautefall

Ida er i dag 12 år og har framleis store skader i høgrebeinet, og må sjå fram til nye operasjonar på sjukehuset.

Foto: Privat

Belastning for den domfelte

Behandlinga i Høgsterett bygger på domen i lagmannsretten, og det blir ikkje ført nye bevis i saka.

19-åringens forsvarar, Svein Kjetil Stallemo, seier saka er ein belastning for ein så ung person som hans klient.

– Det er jo ei forferdeleg sak der ei svært ung jente er blitt påført store skader, og der utsiktene til å bli betre er uklare i dag.