Hopp til innhold

Skien Lufthavn ramma av lynet

Skien Lufthavn Geiteryggen blei ramma av lynnedslag søndag.

Skien lufthavn, Geiteryggen

Lynnedslag skapet problem for flytrafikken på Geiteryggen søndag ettermiddag og kveld.

Foto: Roald Marker / NRK

Tårnet på Skien Lufthavn Geiteryggen opplyser at ein del av radiokommunikasjonen og banelyset ikkje fungerer som det skal.

Det fører til at kveldsavgangen frå Skien til Bergen klokka 18 vil gå frå Sandefjord Lufthavn Torp. Passasjerane som skulle med flyet frå Skien Lufthavn til Bergen blir frakta til Torp med buss.

Silje Brandvoll

Silje Brandvoll i Widerøe.

Foto: Widerøe

Det er ikkje uvanleg at lynet slår ned i nærleiken av flyplassen og at det skaper visse problem, får NRK opplyst.

Må reise frå Torp

Informasjonssjef Silje Brandvoll seier at det var 43 passasjerar som kom med flyet frå Bergen som blei omdirigert til Torp søndag ettermiddag.

– Passasjerane som skulle med Widerøeflyet frå Skien til Bergen blei bedt om å møte tidleg på flyplassen via sms, og dei er frakta til Torp i buss, seier Brandvoll.

Det var 35 passasjerar som skulle til Bergen frå Skien i kveld.

– Flyet frå Torp til Bergen vil bli ein halv time til tre kvarter forsinka, seier Brandvoll.

Ny vurdering på måndag

Wiederøe og flyplassen vil gjere ei ny vurdering måndag morgon om flyavgangane kan gå som normalt eller blir flytta til Torp.

– Passasjerane som skal med flyet måndag morgon bli bedne om å halde seg i ro, og vente på sms varsel frå oss, seier Brandvoll.