NRK Meny
Normal

Skien Dalen Skipsselskap blir granska

Selskapet som driver kanalbåten Victoria, har brukt opp hele egenkapitalen.

Victoria på vei inn i Vrangfoss sluser

Skien Dalen Skipsselskap, som eig kanalbåten Victoria, blir granska av kontrollutvalet i fylkeskommunen.

Foto: Lars Erlend Øymo / NRK

Skien Dalen Skipsselskap, SDS, er nå sett under gransking av kommunerevisjonen og kontrollutvalet i Telemark.

Skipsselskapet eig og driver kanalbåten «Victoria».

Revisjonsrapporten peikar på at det er problematisk at fylkeskommunen på den eine sidan eig og gjev konsesjon i Telemarkskanalen. Og på den andre sida er hovudeigar i selskapet som driv den viktigaste kanalbåten.

Erling Dahl

Erling Dahl er leiar i kontrollutvalet.

Foto: Telemark Frp

Men det er også andre sider som kontrollutvalet vil ta opp i møtet.

– Det viktigast er eigenkapitalen. Selskapet har negativ eigenkapital, seier leiar i kontrollutvalet, Erling Dahl i Framstegspartiet.

Les også: SFO måtte droppe kanaltur på grunn av høy pris

Vil gå gjennom rapporten

Torsdag har kontrollutvalet i fylkeskommunen møte, og her er fylkesrådmannen innkalla for å svare på fleire spørsmål omkring drifta av Skien Dalen Skipsselskap.

Det er fylkeskommunen saman med dei fire kanalkommunane Skien, Nome, Kviteseid og Tokke som er hovudeigarar i selskapet.

– Vi skal i første rekkje gå gjennom dei problemstillingane som blei reist då vi fekk rapporten av kommunerevisjon, seier Dahl.

Han seier det blir viktig å få greie på om det blir tatt tak i dei problemstillingane som rapporten reiser.

Fylkesrådmannen må møte

Fylkesrådmannen stiller opp for kontrollutvalet. Det seier fylkesadvokat Siv Dalen.

– Vi har ein servicerolle knytt til fylkestinget for å svare på dei spørsmåla vi kan svare på. Det er også viktig å peike kva for ansvar og roller dei enkelte aktørane har, både eigarane og styret, seier Dalen.

Styreleiar i Skien Dalen skipsselskap, Lars Nicolaysen, viser til det skriftlege svaret som er sendt kommunerevisjonen og kontrollutvalet.

Eigenkapitalen er tapt

Nicolaysen seier at styret har gått gjennom dei punkta som kommunerevisjonen har peika på, og der det er påvist faktiske feil, så har det blitt retta opp.

– Eg reknar med det er størst interesse rundt det faktum at eigenkapitalen er brukt opp eller tapt, seier Nicolaysen.

Nicolaysen seier at Skien Dalen Skipsselskap har gjort greie for det i sitt svar.

– Der har vi peika på at revisor meiner at sidan vi har dei eigarane vi har, så er det forholdet godt varetatt, seier syreleiar i Skien Dalen Skipsselskap, Lars Nicolaysen.