Hopp til innhold

Strid om nasjonalpark ved kysten

Dei er redde for auka trafikk og forsøpling når Stråholmen og Jomfruland blir ein del an ein kystnasjonalpark. – Me treng ikkje nasjonalpark, seier hyttefolk og fastbuande på Jomfruland.

Rullesteinstrand på Jomfruland

Rullesteinsstranda på Jomfruland skal etter planen inn i nasjonalparken.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Noreg har hatt nasjonalparkar i fjellet i over femti år, men stort sett har det vore i områder der det ikkje er fastbuande, og også i liten grad hytter.

David Andersen og Wenche Olsen

David Andersen og Wenche Olsen delar folkemeininga, og spør seg kva som er vitsen med ein nasjonalpark.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Men frå 2016 vil etter planen store deler av kyststrekninga frå Bamble til Risør bli innlemma i Jomfruland nasjonalpark. Og i Aust-Agder blir det gjort eit tilsvarande arbeid for kyststrekninga til Tvedestrand.

– Vil ikkje ha forandringar

I løpet av eit par år kan altså store deler av kysten frå svenskegrensa til Tvedestrand vere nasjonalpark. Ein del område, blant anna innseglinga til Oslo er unnateke. I Kragerøskjergarden er skepsisen stor.

– Det er at dei gjer ei innsats for å bevare naturen, men eller er eg litt usikker, seier David Andersen.

Wenche Olsen er einig.

Prosjektleiar Morten Johannessen

Morten Johannessen hjå fylkesmannen er prosjektleiar for nasjonalparken.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Eg vil at det skal vere slik det alltid har vore. Eg vil ikkje ha forandringar, seier ho.

Les også:

Vil ta var på naturen

Morten Johannessen hjå fylkesmannen er prosjektleiar for nasjonalparken som skal gå langs kysten frå Bamble til Risør.

– Det primære med ein nasjonalpark er å ta vare på naturen, seier han.

Nasjonalparken blir på 115 kvadratkilometer og dekkjer blant anna Stråholmen og Jomfruland.

Ruth Ellegård representerer dei fastbuande på Jomfruland.

– Nasjonalparkplanane er møtt med litt skepsis. Me ynskjer alle velkommen til Jomfruland, men det leggjast til rette for det. Til vanleg er me cirka 80 som bur her, men på sommaren kjem det fleire tusen hit, seier ho.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark