Skattekutt råkar tenestetilbodet
Sju kommunar i Telemark får reduserte inntekter når regjeringa kuttar den høgste satsen for eigedomsskatt frå sju til fem promille for bustader og fritidsbustader. Det er dei tre regjeringspartia som er samde om å kutte i skatten. Nome kommune åleine taper fire millionar kroner, seier ordfører Bjørg Tveito Lundefaret.