Hopp til innhold

Skattejakt før toget kjem

Ho svettar seg opp stupbratte og tilgrodde lier på jakt etter det som kan skjule seg under jorda der den nye, dobbeltspora jernbanen skal gå mellom Larvik og Porsgrunn.

Astrid Nyland

Arkeolog Asttri Nyland leitar etter steinalderbustader der den dobbelspora jernbanen skal gå.

Foto: Ane Lognvik / NRK

Steinalderfunn

Nyland finner mye interessant.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Arkeolog Astrid Nyland er prosjektleiar for registreringsarbeidet som no pågår.

Ei gruppe arkeologar saumfer området på jakt etter steinalderbustader. Desse skal kartleggjast før byggearbeida kjem i gang.

Dei leitar og finn

– Det er så spennande, eg er helt hekta på steinalderen, seier Nyland som krabbar og klatrar opp over liene mens myggen surrar intenst, og kastar seg over menneskja med blodtørst entusiasme.

Men det er verdt alt strevet, meiner arkeologen som avslører at dei har funne mykje meir i kystområdet i Vestfold og Telemark enn det dei hadde drøymt om.

Til no er det registrert 14 steinalderbuplassar, og enno er dei ikkje ferdige.

Video Dei leitar og finn

Nett-TV: – Her er den finaste buplassen, visar arkeolog Astrid Nyland.

Les: Finner vikinggraver med laser

Les også: Hvem plyndret Oseberghaugen?

Utgraving til hausten

Dei mest interessante buplassane kjem til å bli avdekt og utgravne. Det arbeidet startar truleg i august i år, og blir avslutta neste sommar.

Arkeologane ventar å finne er flintrestar, kanskje reiskapar og andre teikn på at våre forfedrar har busett seg lang kyststripa etter at isen smelta, og landet reiste seg.

I steinalderen budde ikkje folk så lenge på kvar buplass før dei flytte vidare. Dei sette ikkje opp hus slik me kjenner dei seinare, men laga groper som i visse tilfelle også var delvis tekte med torv eller greiner.

Fangstnomadar

Astrid Nyland

Arkeologar ventar å finne flintrestar, kanskje reiskapar og andre teikn på at våre forfedrar har busett seg området.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Steinaldermenneskja kom sjøvegen, og var eit fiske- og fangstfolk. Gode hamner eller viker der dei kunne finne ly, var viktige.

På steinalderbuplassane, som arkeologane har funne langs Telemarkskysten, kan ein tydeleg sjå at dei har vore dyktige sjøfolk som har funne gode leplassar der dei også blei godt skjerma for vind.

Korleis veit arkeologane at det er ein buplass?

Arkeologane grev firkanta hol i bakken der det ser ut som det kan ha budd folk i steinalderen. Gjennom analyse av både jordsmonnet og andre funn, til dømes flintspissar, kan dei fastslå at det truleg har vore busetnad på plassen.

På mange av stadane som no er registrerte, kjem dei nokså fort ned til sand og gruslag. Det tyder på at plassen har lege nær stranda. Havet stod høgare i steinalderen, og derfor leitar dei langt opp i lier og bakkar.

Funn av steinalderbuplassar stoppar ikkje jernbandeutbygginga.

Det som kjem til å skje, er at kunnskapen blir samla inn og tilgjengeleg. Nokre av buplassane blir utgravne, og funna nøye registert. Deretter kan bulldoserar og gravemaskiner overta, og gjere klart for nye jernbanespor.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark