Hopp til innhold

Skal fjerne farleg klimagass

SKIEN/PORSGRUNN (NRK): Høgskolen i Sørøst-Norge og ABB i Skien forskar på å finne eit alternativ til ein ekstremt farleg klimagass.

Høgskolen i Sørøst-Norge og ABB i Skien forskar på å finne eit alternativ til ein ekstremt farleg klimagass.

KLIMAGASS: Høgskolen og ABB samarbeider om eit forskingsprosjekt som skal erstatte klimagassen SF6 med luft.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Gassen, SF6 blir bruka i alle trafostasjonar over heile verda. Du veit, den boksen som står i gata og forsyner huset ditt med straum.

Høgskolen i Sørøst-Norge og ABB samarbeider om forskingsprosjektet og har fått 17 millionar frå Norges Forskingsråd.

– SF6 er ein klimagass som kan føre til global oppvarming. Eit kilo SF6 kan motsvare neste 23 tonn CO₂ ute i atmosfæren. Dermed er det eit ønskje å få den ut av systemet. SF6 er blitt brukt som gass i mange forskjellige industriar, men er blitt fjerna. Og nå står elkraft bransjen for tur, seier prosjektleiar Magne Saksegård frå ABB.

Bryterskap på ABB

Line Olsen monterer eit brytarskap til ein trafo i ABB sine lokale i Skien. SF6 gassen i dette skapet skal bli erstatta med luft.

Foto: Roald Marker / NRK

Skal finne erstatning

SF6 gassen har mange gode eigenskapar når det gjeld å lage komponentar for distribusjonsnettet og kraftindustrien. Den hjelper blant anna til med å kjøle ned anlegg og bryte straumen, når det er behov for det.

– Prosjektet går ut på å finne ein erstatning. Og då har vi vald det beste, nemleg rein luft. Det vi forsøker nå er å designe produkta våre på nytt, slik at vi kan bruke luft. Og då må vi løyse ein del tekniske problem, seier Saksegård.

Skal klare å løyse oppgåva

Peter Alexander Smestad, Høgskolen i Sørøst-Norge

Peter Alexander Smestad er student ved Høgskolen i Sørøst-Norge.

Foto: Roald Marker / NRK

Postdoktor Elin Fjeld frå Høgskolen i Sørøst-Norge, avdeling Porsgrunn seier det er viktig og spennande for høgskolen å få vere med i utviklinga av eit nytt produkt som vil bidra til ein grønare kraftleveranse.

– Vi kan tilby spennande og praktiske oppgåver til studentane. Det gjer at dei får direkte kontakt med industrien og kan få bidra i dagsaktuell forsking, seier Fjeld.

Ho har trua på at høgskolen skal klare å løyse oppgåve med å bruke luft som erstatning for SF6 gass, og fortel at dei har hatt mange lovande resultat så langt.

Kortreist forsking frå Kjølnes

For ABB er det nyttig å få tilgang til kompetansen ved høgskolen og kan samarbeide med personar som driv med grunnforskinga.

– Vi kan omsette det til teknologiutvikling, seier Saksegård.

ABB samarbeider også med NTNU i Trondheim, SINTEF og forskarar i Sveits.

– Men vi får kortreist forsking frå Kjølnes i Porsgrunn. Vi kan ta bussen ned, møtes og diskutere ofte. Det er veldig lett å samarbeide og da blir det gode resultat.

Høgskolen i Sørøst-Norge og ABB

Magne Saksegård frå ABB og Elin Fjeld frå Høgskolen i Sørøst-Norge, avdeling Porsgrunn. Saman med student Peter Alexander Smestad.

Foto: Roald Marker / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark