NRK Meny
Normal

Min kropp er like viktig som andres

– Min kropp og alle andre sjukleg overvektige sin kropp er like viktige som alle andre pasientar, seier Mari Mette Graff i landsforeningen for overvektige.

Mari Mette Graff

Mari Mette Graff etter fedmeoperasjon som gjorde ho 70 kilo lettare. Graff er leiar i Landsforeningen for overvektige.

Foto: Privat

Landsforeningen for overvektige meiner det er svært uheldig at løyvingane til fedmeoperasjonar blir mindre samstundes som det blir stadig fleire som har behov for slike operasjonar.

Mari Mette Graff fortel at ventelistene for slike operasjonar på landsbasis er lange, både for å kome til utgreiing og til behandling.

– Nokon stader er det kortare ventetid. Men det er opptil 500 veker for bli undersøkt, og 600 veker for å få behandling. Det er mange år.

Tall frå Sjukehuset Telemark viser at det i 2012 og 2013 årleg var 200 pasientar som fekk operert bort overflødig hud etter slanking. I fjor var pengane borte og talet på som fekk operasjon blei halvert til 100.

Les også: Økende kø for hudoperasjon etter slanking

Laus hud fører til eksem og sopp

Mari Mette Graff

Mari Mette Graff før slankeoperasjonen.

Foto: Privat

Graff fortel at dei som til slutt har gått ned i vekt slit med laus hud.

– Og det handlar ikkje om kosmetikk, men det er eit medisinsk problem. Det er helseplager, og då er det utruleg vanskeleg å vente så lenge på å få hjelp, seier Graff.

Ho seier at denne lause huda, som er eit ekko frå fortida, gir plager som eksem, sopp, sveitte og lukt.

– Den er der. Og du blir på ein måte ikkje kvitt det, seier Graff.

Mari Mette slanka bort 70 kilo

Mari Mette Graff frå Tromsø slanka bort 70 kilo etter fedmeoperasjon, og fekk fjerna laus hud. Men det tok tid.

– Eg blei fortalt at det var eitt års ventetid. Men det blei eitt år og ni månader. Og då hadde masa ganske mykje på sjukehuset og fortalt at eg hadde rett på operasjon.

No ventar ho på ny operasjon på det same sjukehuset, men der er operasjonsstovene blitt redusert frå fem til to. Ho skulle vore operert i juni.

– Men først i september skal dei vurdere når dei kan operere meg. Så her er det mange uklare tidsfristar og vage løfter, seier Graff.

Mange blir desperate etter operasjon

– Du er også uroa fordi pasientar blir desperate og reiser landet rundt i desperasjon etter å finne nokon som kan hjelpe dei. Og du seier du har sett det du kallar skrekkbilde etter operasjonar som ikkje har gått slik dei skulle. Kva meiner du må til for at slike ting ikkje skal skje?

– Det må bli sett av midlar og vere ei prioritert helsehjelp på lik linje med annan prioritert helsehjelp. All den stund sjukleg overvekt er godkjent som diagnose, så må også plagene som følgjer med godkjennast og behandlast, seier Graff.

– Sjukehuset Telemark seier at alt handlar om ressursar. Kva er din beskjed til helsemyndigheitene?

– Min kropp og alle andre sjukleg overvektige sin kropp er like viktige som andre pasientar sin kropp. Overvekt er eit medisinsk problem. ikkje eit moralsk problem.

  • Vil flytte trafikken inn til Skien

    Nye leilighetsbygninger mot vannet og flytting av hovedtrafikken inn til byen, er grep som kan gjøre Skien mer attraktiv, sier administrerende direktør Petter Falkgård Andersen i R8 Group. Nå ser de blant annet på mulighetene for å fjerne EPA-brua.

    Petter Falkgård Andersen
    Foto: Katrine Rohde Johannessen / NRK
  • Barnas stortingsrepresentant

    Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) og Geir Jørgen Bekkevold (KrF) blir barnas stortingsrepresentanter. På oppdrag fra barneombudet har alle partiene pekt ut hver sin representant. De får et særlig ansvar for å se politikken med "barnebrillene" på.

    Åslaug Sem-Jacobsen på Stortinget
    Foto: Ragne Borge Lysaker
  • Omtales som villdyr

    Politiet vurderer fremdeles å avlive hunden, som fredag gikk til angrep på en 3 år gammel gutt i en barnehage i Skien. Hunden omtales av eksperter som et villdyr. Inntil videre er den på kennelen til Magne Henne. Han mener rasen ikke skulle vært her i landet.

  • Kåra til årets folkemusikar

    Folkemusikaren Anders Røine busett i Bø fekk i helga prisen " Årets Folkemusiker" på Folkelarm i Oslo, skriv Varden. I tillegg fekk Anne Hytta soloprisen for sitt hardingfelespel på hennar nye album "Strimur".