NRK Meny
Normal

Sjukehuset skal bli meir produktive

Sjukehuset Telemark tek sikte på å kutte 65 årsverk neste år for å redusere kostnadene og auke aktiviteten for å tene meir pengar.

Sykehuset Telemark

MÅ KUTTE ÅRSVERK: Sjukehuset skal kutte kostnader og auke inntektene neste år for å bli meir produktive og gå med overskot.

– Det er gjort ein gjennomgang i dei ulike klinikkane som viser at dette er mogleg utan at det går ut over tryggleiken for pasientane og kvaliteten.

Det seier styreleiar Per Anders Oksum som fortel at det er litt over 3000 tilsette ved Sjukehuset Telemark.

– Det er for høg bemanning i forhold til dei aktivitetane som blir gjort på Sjukehuset Telemark. Det er for høge kostnader og for liten, kalle det gjerne produktivitet, ved sjukehuset.

Medisinsk må ta største nedbemanninga

Per Anders Oksum

STYRELEIAR: Per Anders Oksum er styreleiar ved Sjukehuset Telemark.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Oksum seier det er ingen endring på det forslaget som sjukehusdirektør Tom Helge Rønning la fram for styret. I det forslaget var det medisinsk klinikk som hardast råka av sparekniven.

– Det er medisinsk klinikk som må ta den største nedbemanninga. Dette handlar ikkje berre om nedbemanning, men også auka inntekter gjennom meir aktivitet ved sjukehuset.

– I forslaget frå sjukehusdirektøren var det også eit krav om å spare 13,2 millionar kroner på klinikk for psykisk helsevern og rus. Noko som svarar til ein heil sengepost på 11 senger. Er dette EI rett avgjerd?

– Ja slik eg har forstått det så er det det. For dette er ein del av dei sengene som ikkje er i aktiv bruk.

Oksum meiner det ikkje er ei nedlegging av avdelingar, men i staden ei omdisponering innanfor psykisk helsevern.

Dei tilsette må bli meir produktive

Styret ved Sjukehuset Telemark har i dag vedteke å forbetre resultat for Sjukehuset Telemark med 70 millionar kroner i 2017, samanlikna med i år.

– Det eine elementet er å spare kostnader. Det gjeld talet på årsverk, men det gjeld også innkjøp av tenester og materiell. Det andre er å auke aktiviteten og utføre fleire oppgåver i forhold til dei tilsette vi har.

Oksum peikar på at Sjukehuset Telemark har den lågaste produktiviteten innanfor Helse Sør-Øst.

– Andre tilsvarande sjukehus klarar å få dette til. Og då er eg heilt sikker på at Telemark også kan få dette til, seier Oksum.

Helse-Sør- Øst har i dag godkjent at styret går vidare med planane om strålesenter og nytt sjukehusbygg.

  • Ingen mistenkte i saken

    Politiet jobber fortsatt med å finne gjerningspersonene bak ransforsøket på urmaker Saastad i Porsgrunn tidligere i dag. Politiet opplyser til NRK at de ikke har pågrepet noen for forholdet, og har heller ingen mistenkte så langt.

  • Bilskiltet stjålet i Oslo i natt

    Bilskiltet på fluktbilen som ble brukt, etter at to menn forsøkte å slå inn døra med en øks hos Urmaker Saastad i Porsgrunn tidligere i dag, ble stjålet i Oslo i natt. Det melder Varden. Det er fortatt ingen som er siktet for forholdet.

  • Tyver knuste vindu og stjal sølvtøy

    Politiet melder om et innbrudd i Skien. Tyvene knuste et vindu og tok seg inn i boligen. Innbruddet skjedde i Gregorius Dagssons gate.

    Laster Twitter-innhold
  • Tre biler har kollidert i Vinje

    Åtte personer skal være involvert etter at tre biler kolliderte i Vinje sentrum. Ingen av personene involvert har fått alvorlige skader, melder politiet. Bilene har fått større materiell skade.