SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Det kjem fram i ei landsomfattande kartlegging av belegg i psykiatriske akuttavdelingar i 2003. Kartlegginga er gjort av Helsetilsynet.
Sjukehuset Telemark får kritikk av Helsetilsynet.
- Det er uverdig det helsetilsyn avdekker her, seier Hilde Evensen Holm som er informasjonsleiar i Mental Helse Norge.
Uverdig for pasientane
Mental Helse meiner det er uverdig for dei pasientane som er lagt inn på akuttpostar med stort overbelegg, når det er så mange utskrivingsklare pasientar.
- Dette gir eit dårlegare tilbod til dei som er lagt inn, seier ho.
Evensen Holm seier at det svekkar integriteten for pasientar som er svært sjuke når det er så trongt på akuttavdelingane.
Ho seier dette er uheldig og at det aukar faren for feilbehandling.
- Dette er uakseptabelt, seier Evensen Holm.
Vanskelegare å få hjelp
Ho seier dette gjer det vanskelegare å få øyeblikkeleg hjelp for dei som treng det.
- Terskelen for å få hjelp aukar for dei som treng det når pasientar ikkje blir utskrivne, og avdelingane er fulle, seier ho.
Rapporten frå helsetilsynet avdekkar at auken er på tretti prosent frå 2002 til 2003 for Sjukehuset Telemark.
- Når helsetilsynet seier at dette er uverdige forhold, så er det sterke ord frå eit statleg tilsyn, seier Evensen Holm.
Dette er urettferdig
Psykiatridirektør ved Sjukehuset Telemark, Stein Kinserdal, synest det er urettferdig at dei blir kalla verstingar.
Kinsedal forklarar årsaka med at det ofte er fullt på avdelingane pasientane skal flyttast til.
Og seier at behandlinga av psykiatriske pasientar ved Sjukehuset Telemark er betre enn nokon gong.