Hopp til innhold

Sjukehusdirektør: – Legespråket må bli enklare

I dag brukar tilsette ved sjukehus vanskelege ord og uttrykk som ikkje alltid er like lett å forstå for pasientar og pårørande. Sjukehuset Telemark skal no gjere det enklare for pasientane å skjønne kva legen deira seier.

Pasient lege samtale illustrasjon

BETRE KOMMUNIKASJON: Sjukehusdirektør meiner språket helsepersonell brukar må bli enklare.

Foto: Illustrasjon: Colourbox.com

Det er klart at det er lett å utvikle eit eige språk i spesielle fagmiljø. Det er jo noko ein gjer for å vere så presis som mogleg når ein kommuniserer med folk ein jobbar saman med, seier Bess Frøyshov.

Bess Frøyshov

VIKTIG: Sjukehusdirektør Bess Frøyshov tykkjer det er viktig at folk forstår kva helsepersonell seier.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Frøyshov er direktør ved Sjukehuset Telemark. Ho meiner at legar og andre tilsette ved sjukehuset må formulere seg annleis når dei snakkar med pasientar og pårørande.

– Sjukehuset er til for pasientane, og da er det viktig at me gjer oss forstått på ein enkel måte, seier Frøyshov.

Det er i fyrste omgang snakk om å bruke fleire kvardagslege norske ord. På sjukehus rundt om i landet er det vanleg å seie "fraktur" når ein snakkar om beinbrot, og "cancer" for kreft. Slike ord meiner Frøyshov at må leggjast vekk når ein skal snakke med pasientar og pårørande.

Viktig for pasienten

– Det er jo viktig at me pasientar skjønar kva helsepersonell fortel oss, slik at me forstår kva som eventuell feiler oss, og kva for behandlingsmetodar me kan få, seier Kari Thomsen. Ho sit i brukarutvalet ved sjukehuset og ho er også tidlegare pasient.

Kari Thomsen

NØGD: Kari Thomsen tykkjer det er bra at sjukehuset tek grep for å betre språket mellom l

Foto: Martin Torstveit / NRK

Thomsen meiner det bør vere ein sjølvfølge at legar og anna helsepersonell gjer seg forstått på ein enkel måte, men har forståing for at det er lett å ty til sitt eige fagspråk.

Bess Frøyshov er også overbevist om at god kommunikasjon er viktig for behandlinga pasienten får.

– Språklege misforståingar kan for eksempel føre til at ein pasient ikkje sjølv kan bidra med informasjon eller liknande som kunne vore til hjelp i behandlinga. Dårleg kommunikasjon skaper jo også ein større avstand mellom pasient og lege, seier Frøyshov.

Berre Spør!

Sjukehuset Telemark er no i gang med ei kampanje som heiter "Berre Spør!", som skal vere det fyrste steget for å få bukt med kommunikasjonsproblem. Det er ein kampanje som oppfordrar pasientar til å spørje kva ord og uttrykk betyr, skulle dei vere usikre. Thomsen tykkjer det er ein god kampanje og ein god start.

Frøyshov er også einig i at dette er ein god kampanje, men understrekar at helsepersonellet også må ta sin del av jobben i framtida.

– Sjukehuset er ikkje til for dei tilsette, men for pasientane, seier Frøyshov.