Hopp til innhold

Reduserte sjukefråværet med 70 prosent

KVITESEID (NRK): Ein skikkeleg hestekur har gitt resultat. Men ho som har stått i spissen for prosessen har ikkje alltid vore like populær.

Kviteseide omsorgssenter

I SPISSEN: I 2015 starta Une Marit Tangen ein kamp for å få ned sjukefråværet som då var på over 15 prosent.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Kvart år bruker vi her i landet 40 milliardar kroner på sjukepengar. I pleie- og omsorgssektoren er sjukefråværet 8,7 prosent.

Les også: Kan spara milliardar på lågare sjukefråvær

Det er altså mykje å vinne både økonomisk og med tanke på arbeidsmiljøet med å få fleire hender i arbeid.

Slik var det også på Kviteseid omsorgssenter i Telemark, men etter ein skikkeleg hestekur har fråværet der gått ned med rundt 70 prosent.

Kviteseid omsorgssenter

Denne tabellen frå NAV viser korleis sjukefråveret har gått ned ved Kviteseid omsorgssenter.

Foto: NAV

Vakte reaksjonar

Kviteseid omsorgssenter

TØFF SJEF: Une Marit Tangen er einingsleiar ved KOS.

Foto: Anne Lognvik / NRK

I 2015 starta Une Marit Tangen, som ny leiar, ein kamp for å få ned underskotet og sjukefråværet som då var på over 15 prosent.

Metoden var å kartlegge fråværet dei tre siste åra, og konfrontere den enkelte med det.

– Vi hadde dei som blei lei seg og ikkje var klar over at det var så mykje fråvær. Og så hadde vi dei som blei sinte, seier Tangen.

Både kommunen, NAV, tillitsvalde og tilsette har vore med i arbeidet, som først vart omtalt på nettstaden Idebanken. Og resultatet, i alle fall når det gjeld sjukefråværet, er ein mykje større nedgang enn sjølv dei mest optimistiske torde å håpe på.

– 4,4 prosent sjukefråvær. Det er vi kjempestolt av alle saman og vi jobbar med det dagleg. Det er ferskvare, seier Tangen.

Kviteseid omsorgssenter

SJUKEFRÅVÆR: Kvar fjerde veke diskuterer dei tilsette etiske dilemma som har dukka opp i løpet av firevekersperioden. Prostidiakon Eilev Erikstein leiar samtalane.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Flink og streng

Assistent Annette Dyrud og sjukepleiar Anne-Karin Slåtta er glad i arbeidsplassen og den litt omstridde sjefen.

– Veldig flink sjef som står på. Ho er streng, men det har vore positivt.

Einingsleiar Une Marit Tangen fortel at etikk og haldningar blir sett på dagsorden heile tida.

– Vi har eit møte kvar fjerde veke der dei tilsette kan lufte ting som har dukka opp.

Alle skal trivast

Olav Aalandslid

IMPONERT: Olav Aalandslid i NAV er imponert.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Seniorrådgjevar Olav Aalandslid i NAV er imponert over det dei har fått til på Kviteseid Omsorgssenter.

– Vi ser gjerne at sjukefråveret går ned, og går det kraftig ned er med glade for det også. Det er all ære til dei tilsette. Fleire på jobb, gjer det lettare å vere på jobb

Hjelpepleiar Mona Breidalen seier at enkelte nok har reagert, men alle er glade for at sjukefråværet har gått ned.

– Det er fantastisk at sjukefråveret er gått ned.

Kviteseid omsorgssenter

SAMHALD I BYGDA: Målet er at alle skal ha det bra og trivast på jobb, at pasientane trivast og eit samhald som spreier seg i heile bygda.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Gledeleg

Resultata frå Kviteseid omsorgssenter har vekka interesse fleire stader i landet.

Statssekretær Christl Kvam (H) i Arbeids- og sosialdepartementet seier det er fantastisk gledeleg å sjå slike resultat. Ho trur det å vere ein tydeleg leiar, som tør å ta både dei gode og dei vanskelege samtalene er nøkler i det å få ned sjukefråværet.

– At Une Marit Tangen har samarbeidd breitt med tillitsvalde, kommune og NAV, og vore tydeleg på å adressere individet, det trur eg er prinsipp som alle kan lære av, seier statssekretæren.