NRK Meny

Sjåfør er ikkje livstrugande skadd

Føraren av personbilen, ein 26 år gamal mann frå Nome, som sat fastklemt er frakta til sjukehuset med skader i hovudet og hoftene. Han skal ikkje vere livstrugande skadd, melder politiet. Personbilen kolliderte med ein lastebil på fylkesveg 551 ved Hørte. Føraren av lastebilen, ein 27 år gamal mann frå Lunde, hadde smerter i ryggen og er kjørt til Notodden sjukehus.