Hopp til innhold

Sjå verdas første vaskehall for store fly

SKIEN (NRK): Her blir eit passasjerfly vaska i verdas første og største vaskehall for fly. Norsk banebrytande teknologi blir vist fram for statsministeren og gjester frå Saudi-Arabia.

Her går eit stort passasjerfly gjennom flyvaskemaskinen. Alt vatnet med kjemikaliane blir samla opp i stor behaldarar under bakken i hallen.

Vaskehallen er bygt opp på flyplassen Geiteryggen i Skien der den kommersielle drifta er lagt ned. Etter ni år, med 25 millionar frå EU og 80 millionar kroner til saman, er den klar for den aller første demonstrasjonen.

Her kan eit fly bli vaska og avisa mykje raskare enn det ein klarar med tradisjonelle metodar. I tillegg blir alle kjemikaliane fanga opp.

Den store hangaren er så stor at den overskygger flytårnet. Heilt fram til demonstrasjonen skulle starte har teknikarane gjort dei siste fininnstillingane på maskinen.

Vaskemaskin for fly med Erna Solberg

Fleire hundre var møtt fram for å sjå på. Statsminister Erna Solberg og Svein Gunnar Mæland i framgrunnen.

Foto: Roald Marker / NRK

Testa til langt på natt

Fleire hundre tilskodarar, representantar frå EU, statsminister Erna Solberg, ordføraren i Skien og potensielle kundar frå Saudi-Arabia er der for å sjå.

Svein Gunnar Mæland, MSG Production

Gründer Svein Gunnar Mæland er glad demonstrasjonen gjekk bra.

Foto: Roald Marker / NRK

Gründer Svein Gunnar Mæland er spent på korleis det skal gå.

– Vaskemaskina har vi testa til seint på natt. Og vi håpar å få vise delar av maskinvasken i dag.

Mæland tilhøyrer ein familie som har drive med sal av vaskemaskiner for bilar. Ideen til flyvaskemaskina fekk han då broren blei forsinka på Schiphol på grunn av avising av flymaskina.

Han er letta når han får vist fram korleis vaskemaskina for fly verkar.

– Eg er veldig fornøgd, og det var slik eg håpa og hadde trudd.

Flyvaskemaskin på Geiteryggen

Gjestene frå Saudi-Arabia med Dr. Saeed Ghannam i kvit skjorte.

Foto: Roald Marker / NRK

Smartare og bra for miljøet

Statsminister Erna Solberg var ein av dei mange hundre som var møtt fram til flyplassen for å sjå flyvaskemaskina i bruk.

Erna Solberg på Geiteryggen

Statsminister Erna Solberg.

Foto: Roald Marker / NRK

– Eg synest det er ein fantastisk ide. Eg kan ikkje noko om teknologi, men det er veldig bra når folk utviklar ny teknologi. Fungerer det blir det både smartare og betre for miljøet. Og ei ny framtid for avrenning etter avising på flyplassar.

Gjestene frå Saudi-Arabia trur det kan vere ein marknad for ein slik vaskehall for fly i heimlandet der det er fem flyselskap.

– I vårt område blir det mykje sand på flya. Eit reint fly sparar drivstoff, og ein unngår slitasje på flymotorane, seier Dr. Saeed Ghannam.

Les også: Vil erobre flyindustrien

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark