Hopp til innhold

Sigvald Oppebøen Hansen (Ap)

Dette svarte Sigvald Oppebøen Hansen på spørsmålene.

 

Sigvald Oppebøen Hansen
Foto: Knut Falch / Scanpix

  •  Hva er du mest fornøyd med å ha utrettet i løpet av de to første årene av denne stortingsperioden?

- Når det gjeld nasjonale saker som også har betydning for Telemark, vil eg nevne: kraftig styrking av kommuneøkonomien (meir offentleg velferd), aktiv næringspolitikk, som i neste omgang har gitt ei rekordlåg arbeidsløyse, rekordhøg sysselsetting og stor inntjening for norsk næringsliv. Nasjonal Transportplan og dei årlege løyvingane har auka med 2,2 mrd kroner i høve til når me overtok i 2005. Reiselivssatsinga er meir enn fordobla i løpet av 2 år. Kamp mot sosial dumping. Ja, eg kunne nevne mange saker og områder.

  •  Hva er det viktigste du har utrettet for ditt hjemfylke i løpet av de to første årene av denne stortingsperioden?

- Stortinget er ikkje som eit kommunestyre. Det betyr at man er innvalgt på eit partiprogram og i neste omgang blei Soria Moria-erklæringa vårt styringsdokument. Det hjelper lite å fremme saker som ikkje får eit fleirtal. Dersom eg likevel skal nevne nokre lokale saker som eg er godt fornøgd med i løpet av dei 2 første åra, så kan eg nevne: Bluesfestivalen på Notodden som knutepunkt for blues, utbygging av Industriarbeidermuseet i Rjukan, utbedring Brevikstrømmen, planleggingsmidlar til Eidangertunnelen, sikra fortsatt eksistens for Vest-Telemark tingrett i Kviteseid, osv pluss mange andre saker og henvendelsar frå enkeltpersonar.

  • Hva er du mest misfornøyd med at du ikke har klart å utrette for eget fylke?

- Til tross for større satsing på samferdsle og større andel av vedlikeholdsmidlane til Telemark, skulle eg likevel ha ønska at vegstandarden hadde blitt betre.

  • Ønsker du å ta gjenvalg for en ny stortingsperiode?

- Det er ei sak mellom meg og mitt parti.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.