NRK Meny
Normal

Siger til Odd etter snuoperasjon

Odd låg under 0–1 til pause mot Start i Kristiansand. Men etter ein god andreomgang gjekk skinnslaget av bana med sigeren i lomma.

Start

SIGERSMÅLET: Her har Olivier Occéan akkurat sett inn sigersmålet for Odd.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Odd vann 2–1 over Start etter scoringar av Bentley og Olivier Occéan.

Sju minutt ut i andre omgang utliknar Bentley for ODD. Start sin keeper er fyrst på ballen, men klarar ikkje å halde den. Ballen hamnar hos Bentley som lurar bort keeperen og sett ballen i det tomme målet.

I de 80-ande minutt blir Stefan Mladenovic bytta inn for Odd. Eitt minutt seinare slår han eit flott innlegg inn i Start sin 16-meter. Der står Olivier Occéan som knusar Vikstøl i hodeduellen og stangar ballen i mål.

Fagermo nøgd med forsvarsspelet

For Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo var sigeren viktig i dag.

Det er viktig for oss å vinne slik at me heng med i medaljekampen. Me har vore inne i ein tung periode no, og me er ikkje på topp i dag heller. Eg er likevel nøgd med forsvarsspelet i dag, seier Fagermo.

Tok leiinga med straffe

Start tok leiinga etter 13 minutt da Dulee Johnson scora på ei straffe som vart dømd da Espen Ruud reiv ned ein Start spelar i eigen 16-meter. Johnson sette straffa til venstre for Odd-keeper Sondre Rossbach.

Start

SCORA PÅ STRAFFE: Dulee Johnson

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix