– SFO betyr meir enn bompengar

Prisen på SFO varierer sterkt frå kommune til kommune og gjer store utslag på familiebudsjettet mange stader. Foreldreutvalet for grunnopplæringa håpar lokalvalkampen vil dreie seg om meir enn bompengar.

Samarbeider om SFO-erstatning

SA OPP: Familiane Seljestad Flaaten og Hellkås har sagt opp SFO-plassane sine og held i staden eit auge med kvarandres ungar etter skuletid. Elles greier ungane seg sjølve og syklar og åleine til og frå skulebussen.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

Klokka er halv sju heime hos familien Seljestad Flaaten. Tre barn og far Tomas sit på rekke og rad med havregrauten framfor seg medan mor Ine gjer seg klar til å dra på arbeid.

Når far og yngstedottera køyrer til barnehagen og arbeid ein halvtime seinare, blir andreklassingen og fjerdeklassingen åleine att.

Familien har nemleg sagt opp plassane på skulefritidsordninga. Dei bur i ein av Noregs dyraste SFO-kommunar, Sauherad i Telemark, og syntest kostnaden blei for høg.

No når valkampen er i ferd med å dragast i gang, er dei ikkje i tvil om at bompengedebatten hamnar i andre rekke når det gjeld familieøkonomi.

– SFO-prisar er viktigare. For ein bom kan ta litt av budsjettet den òg, men det er SFO og barnehage som dreg det store lasset, seier Tomas.

Jarand Seljestad Flaaten

Andreklassingen Jarand Seljestad Flaaten syklar to kilometer kvar veg til skulebussen, og er aleine heime med systera før og etter skulen.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

Nesten 100 000 i året

Dette skuleåret kostar ein full SFO-plass i Sauherad 3630 kroner. Med 50 prosent i syskenrabatt på den eine plassen er den totale summen rundt 8500 i utgifter til SFO og barnehage kvar månad.

Det utgjer over 90 000 kroner for 11 månader for familien Seljestad Flaaten.

Til samanlikning vil det koste rundt 1200 kroner i månaden i bompengar, eller 13 000 i året, å pendle gjennom to bommar til nabokommunane.

På landsbasis varierer kostnadene for ein full SFO-plass frå 0 til 4070 kroner i månaden, viser ein rapport frå NTNU.

Tomas Seljestad Flaaten

Tomas Seljestad Flaaten fekk nok av den høge prisen på SFO.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

Bompengar skyggar for andre valkamp-tema

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) meiner det er på høg tid med ein nasjonal norm for SFO både for kvalitet og pris, sidan forskjellane er svært store.

Det er kvar enkelt kommune som har ansvaret for både kostnad og innhald i tenesta.

FUG-leiar Gunn Iren Müller håpar no kommunevalkampen ikkje blir dominert av bompengar, men at det blir rom for tema som er avgjerande for barn og familiane deira.

Er de urolige for bompengane vil ta fokus vekk frå dei sakene de meiner er viktige i valkampen?

– Ja, det er ein fare. Det er veldig lett å snakke om bompengar og skrive mange og store overskrifter om det, seier Müller.

Gunn Iren Müller, leder, FUG, Foreldreutvalget for grunnopplæringen

Gunn Iren Müller, leiar i Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG).

Foto: Fug

Forskar: Folk reagerer mest på synlege kostnader

Samfunnsøkonom Julian Johnsen forskar på familieøkonomi ved forskingssenteret SNF på Noregs handelshøgskule.

Han meiner det er tre årsaker til at bompengar har dominert den politiske debatten i det siste.

Det eine er at folk naturlegvis reagerer når avgifter blir innført eller aukar.

For det andre er bompengane ein veldig synleg kostnad, peikar Johnsen på.

– SFO-rekninga blir ofte trekt kvar månad med avtalegiro utan at ein tenker over det. Medan kvar gong du køyrer gjennom ein bomring vil du sjå at «no blir eg trekt for denne passeringa». Du er klar over kvar gong du passerer at det vil koste deg noko.

Det tredje poenget til Johnsen er at bompengane no ikkje berre går til å finansiere den konkrete vegstrekninga der bommen står. Også kollektivutbygging og andre tiltak i byane blir finansierte av bompengepakkene.

– Mange reagerer nok på å måtte betale for tenester som ein sjølv opplever at ein ikkje brukar - som til dømes viss ein aldri tek bussen. Medan med SFO er det slik at du brukar tenesta aktivt og det kjennest som ein pris du betalar for ei teneste du faktisk kjøper.

Julian Johnsen

Samfunnsforskar Julian Johnsen

Foto: Rune Sævig / BT

Dobbelt så mange får rabatt på SFO – no vil Ap gje dei yngste gratis plass

Bompengenekten: Dette er prosjekta som blir droppa