NRK Meny
Normal

Hansen: – Spesielt med gamleklubben på topp

Rosenborgs keeper, André Hansen, seier det er litt spesielt å sjå gamleklubben
over Rosenborg på tabellen.

André Hansen

Rosenborgkeeper André Hansen gjekk frå Odd før denne sesongen.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

André Hansen gjekk frå Odd til Rosenborg før årets sesong. Etter at tre kampar er spela ligg Odd nå på første plass, mens Rosenborg ligg på andre.

Og det gir Hansen blanda kjensler.

– Det opplever eg som både og. Eg er jo glad på mine gamle lagkameratar sine vegne i Odd at dei har fått ein slik start. Og eg rekna med at dei ville få ein bra start, for dei er eit godt lag. Det har dei vist dei tre første kampane, seier Hansen.

Les også: Odd er blitt eit teikneserielag

Har kontakt med gamle lagkameratar

Han er einig i at Odd ikkje har vore på topp spelemessig enno for Hansen meiner han kjenner laget godt etter fire år i klubben.

– Når dei nå står med ni poeng, så vitnar det om styrke, seier Hansen.

Han prøvar å halde kontakten med gamle lagkameratar, og dei han var mest saman med i Skien.

André Hansen meiner Rosenborg har prestert svært bra i dei to første kampane, og synest kampen mot Strømsgodset er midt på treet.

Forskjell på trenarane

Han meiner grunnformasjonen med 4-3-3 er den same i Odd og Rosenborg. Men elles er det skilnad på trenar Kåre Ingebretsen i Rosenborg og Dag-Eilev Fagermo i Odd.

– Kåre er litt meir roleg og avbalansert, mens Dag-Eilev kan vere meir engasjert og klinke til litt. Det er kanskje største forskjellen, seier Hansen.

Ein annan forskjell Hansen peikar på er at Fagermo har uttala seg meir i media, og slik sett kan likne litt på trenarlegenden Nils Arne Eggen i Rosenborg.

– Men det er jo ein konsekvens av at Odd har gjort det bra, og får meir merksemd i media, seier Hansen.

  • Hund påkjørt i Skien

    Politiet har mottatt melding om en hund som skal ha blitt påkjørt på Håvundvegen. Hunden løp videre, men skal være skadet. Politipatrulje leter nå etter hunden som skal være hvit og brunflekket med kort pels.

  • Vogntog berga på Grønliheia

    Vogntoget, som i dag har stått fast på E134 på Grønliheia, har kome seg laus. Vegen er no open i begge køyrebanar, melder Statens vegvesen.

  • Slår sammen skattekontor

    Kommunestyret i Drangedal har vedtatt å etablere en felles skatteoppkreverfunksjon for Drangedal og Kragerø. Politikerne ønsker at det skal være en kontordag i Drangedal i uka. Etableringen skjer så fort det lar seg gjøre.